Brest i Belarus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brest
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Belarus
Fylke Brest voblast
Areal 146,12 km²
Folketal 344 470 (1. januar 2024)
Kart
Brest i Belarus
52°05′05″N 23°39′25″E / 52.084722222222°N 23.656944444444°E / 52.084722222222; 23.656944444444
Wikimedia Commons: Brest, Belarus

Brest (belarusisk Бе́расьце, Брэст; også kjend som Brest-Litovsk og på polsk som Brześć Litewski, Brześć nad Bugiem eller Brześć Białoruski; russisk Брест) er ein by i Belarus tett ved grensa mot Polen der elvane Vestre Bug og Mukhavets møtest. Han er hovudstaden i Brest fylke. I 2017 hadde han 340 141 innbyggjarar.[1]

Byen var ein viktig grenseby på Sovjetunionen si tid, og er framleis eit viktig kontrollpunkt for toll og immigrasjon på jernbanelinja mellom Berlin og Moskva. I Brest må togvognene justerast mellom russisk sporvidde og europeisk standardsporvidde for jernbane.

Landsbyen Kosava, der Tadeusz Kosciuszko vart fødd, er også i Brestområdet, og har eit slott frå 1800-talet og ei katolsk kyrkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bustadblokker i Brest.
Russisk-ortodoks kyrkje i Brest.

Byen vart grunnlagd av slavarar som Bereste i 1017, men vart erobra av mongolane i 1241 og av Litauen i 1319. Han fekk namnet Brest-Litovsk på 1300-talet og vart ein del av det polsk-litauiske samveldet i 1569. I 1596 var han åstad for den synoden som førte til at dei bysantinske kristne i desse slaviske områda vart sameinte ("unerte") med Pavekyrkja og organiserte i det som i dag blir kalla Den ukrainsk-katolske kyrkja.

Brest kom under RusslandPolen-Litauen vart delt for tredje gong i 1795. Under første verdskrigen vart han i 1915 erobra av Tyskland.

I eit fort ved den vestlege utkanten av Brest, der elvane Brest og Mukhavets møtest, vart Brest-Litovsk-traktaten underteikna i 1918 mellom Russland og sentralmaktene. Ifølgje den avtalen vart Brest lagd inn under Det tyske Riket sin interessesfære. Denne traktaten vart seinare annullert av dei traktatane som gjorde slutt på heile verdskrigen.

Det nyoppretta Polen tok kontroll over Brest i 1919. Byen skifta hender to gonger under den polsk-sovjetiske krigen, men hamna til slutt under polsk herredømme. Dette vart stadfesta ved den grensedraginga som vart fastsett i Rigatraktaten av 1921. Brestfortet, som hadde vorte sterkt skadd under første verdskrigen, vart omgjort tildels til militærdepot, tildels til fengsel.

Under den tyske invasjonen i september 1939 vart byen forsvart av ein liten styrke på fire infanteribataljonar under general Konstanty Plisowski mot det XIX. panserkorps under general Heinz Guderian. Etter fire dagars innbiten kamp trekte dei polske styrkane sørover den 17. september. Byen vart deretter annektert av Sovjetunionen, i samsvar med Ribbentrop-Molotovpakta av august 1939.

Den 22. juni 1941 vart byen angripen av Tyskland ved opninga av Operasjon Barbarossa, angrepet på Sovjetunionen. Fortet der 1918-traktaten vart underteikna var sentrum for kampane. Det heldt ut i ein månad. Brest si jødiske befolkning vart sterkt redusert under nazistyret. Byen vart frigjord av sovjetiske styrkar i 1944.

Jaltakonferansen i februar 1945 bestemte at Brest skulle bli ein del av den belarusiske sovjetrepublikken. Byen er no ein del av det sjølvstendige Belarus.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar frå Brest[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brest - by i Hviterussland» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 10. august 2020.