Hopp til innhald

Bret Harte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bret Harte

Statsborgarskap USA
Fødd 25. august 1836
Albany i New York
Død

5. mai 1902 (65 år)
London

Yrke skribent, lyrikar, journalist, setter, skodespelforfattar, prosaforfatter
Medlem av American Academy of Arts and Letters
Signatur
Bret Harte på Commons

Francis Bret Harte (25. august 18365. mai 1902[1]) var ein amerikansk forfattar og diktar som hovudsakleg er hugsa for korte forteljingar om gruvearbeidarar, kortspelarar, gamblerar og andre romantiske figurar frå gullrushet i California. Harte hadde ei rekke ulike jobbar, mellom anna gruvearbeid, lærer, budbringar og journalist før han vart forfattar på fulltid. Han hadde flytta til California i 1853 og heldt til tid i gruvearbeidarleiren i nærleiken av Humboldt Bay (dagens by Arcata) som gav han materiale og inspirasjon til fleire verk. Hans «The Luck of Roaring Camp», som kom ut i 1868, gjorde han kjend over heile USA og skaffa han ein forfattarkontrakt med ein forleggjar i 1871.[2] I ein karriere som strekte seg over meir enn fire tiår skreiv han poesi, skjønnlitteratur, skodespel, forelesingar, bokomtalar, leiarartiklar og magasinskisser. Då han flytta frå California og til den amerikanske austkysten og deretter til Storbritannia blei han inspirert til å skriva om nye emne og figurar i forteljingane sine, men forteljingane hans frå gullrushet er blitt oftast trykte opp att, tilpassa og beundra. Han var ein samtidig venn med Mark Twain, men vennskapen deira surna.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bret Harte i 1862

Hart var fødd i Albany i delstaten New York i 1836.[3] Han blei døypt Francis Brett Hart etter oldefar sin, Francis Brett. Då han var ung endra faren hans Henry stavinga av familienamnet frå Hart til Harte. Francis kom seinare til å føretrekka å bli kjend med mellomnamnet sitt, som han stava med éin t.

Far til Henry, Bret sin farfar, var Bernard Hart, ein ortodoks jødisk innvandrar som var vellykka som handelsmann og blei ein av grunnleggjarane av New York-børsen.[4][5] Bernard Hart forlet Henry og mora hans for å gifta seg med ei anna kvinne, og Henry blei oppdregen som kristen i den nederlandske reformerte kyrkja. Henry blei gift med Elizabeth Rebecca Ostrander Hart, som hadde engelsk og nederlandsk bakgrunn, i 1930. Bret blei fødd seks år seinare.[6]

Som ivrig lesar som gut fekk han gjeve ut den fyrste teksten sin berre 11 år gammal. Det var eit satirisk dikt kalla «Autumn Musings» ('Haustgrubling'), no tapt. Framfor å få ros og oppmuntring opplevde han at diktet blei latterleggjort av familien. Som vaksen fortalde han til ein ven: «Slikt eit sjokk var latterleggjeringa deira for meg at eg lurte på om eg nokon gong ville skriva ei linje med poesi.»[7]

Utdanninga hans var blitt avbroten fleire gonger då familien flytta rundt. Far hans døydde medan han var ung. Rundt 1845 flytta mor hans Elizabeth familien til Brooklyn.[6] Den formelle utdanninga til Harte enda då han var 13 år i 1849.[3] Han tok ulike jobbar ved eit advokatkontor og i eit apotek, og forsørga seg sjølv frå femtenårsalderen. På denne tida hadde broren hans Henry verva seg til hæren, og skreiv hyppige brev om opplevingane sine i den meksikansk-amerikanske krigen (1846–1848) og deretter krigen i California. Mora flytta til California i 1853 og gifta seg med ein tidligare klassekamerat fra gymnaset av den avdøde ektemannen. I slutten av 1854 kom Bret og systera Margaret til familien i California. Dei kom den lange veien med dampbåt, ei sjøreise som involverte fleire uhell, storm, revolusjon og skipsforlis, og som han sidan nytta i forfattarskapen sin.[6]

I California[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste åra i California var ikkje enkle. Harte budde nokre månader hjå familien, men søkte etter betalt arbeid der han måtte finna det. Han drog frå jobb til jobb før han fann seg fast bustad. Han arbeidde som gruvearbeidder, lærar for barn til gardbrukarar, diligencevakt, budbringar og journalist. Heile tida skreiv han dagbok og dikt. I nordlege California ved kystbyen Union (i dag Arcata), ei busetjing ved Humboldt Bay som fungerte som senter for forsyningar for gruvedrifta i innlandet, fekk han arbeid i eit trykkeri og kunne trykka sine eigne dikt av og til.[6]

Wiyot-massakren i 1860, på mellom 80 og 200 menneske, hovudsakleg kvinner og barn, frå det fredelege wiyotfolket, blei rapportert i San Francisco og New York av Harte. Då han fungerte som assisterande redaktør for avisa Northern Californian skreiv Harte redaksjonelle leiarar om drapa medan sjefen hans, Stephen G. Whipple, var mellombels fråverande og hadde gjeve Harte leiaransvaret for avisa. Harte publiserte ei detaljert forklaring som fordømte hendinga: «eit meir sjokkerande og opprørande syn har aldri vorte vist for auga til eit kristent og sivilisert folk. Gamle kvinner rynkete og utslitne låg vald i blod, hjernane deira slått ut og dynka i dei lange grå håra deira. Småbarn knapt eit spenn lange med ansikta kløvde av øksar og kroppane fryktelege med sår.» Etter at han publiserte den redaksjonelle leiaren blei han trua på livet, og blei nøydd til å flykta ein månad seinare. Harte sa opp jobben og flytta til San Francisco, der eit anonymt brev trykt i ei avis er blitt tilskrive han. Det skulda samfunnet i det store og heile for å gje ei godkjenning av massakren. Ingen blei nokon gong stilt for retten for han, trass i bevisa av eit planlagt angrep og referansar til særskilde personar, mellom anna ein ranchar som heitte Larabee og andre medlemmer av ein uoffisiell milits som kalla seg Humboldt Volunteers. I 1850 var det rundt 2000 av wiyotfolket som budde i det tradisjonelle området sitt. Etter 1860 er det berekna at det var berre rundt 200 igjen.[8][9]

Ekteskap[endre | endre wikiteksten]

Harte gifta seg med Anna Griswold den 11. august 1832 i San Rafael i California.[10] Ho var eldre enn han, og godt etablert i sin eigen musikalske karriere. Ingen av dei respektive familiane godkjende ekteskapet.[11] Ekteskapet var vanskeleg, og sjølv om dei var gifte i nær førti år, budde dei berre saman i seksten år. Dei fikk likevel fire barn saman: Griswold (1863), Francis (1865), Jessamy (1873) og Ethel (1875).[11]

Portrett av Bret Harte, oljemåleri av John Pettie (1884)[12]
Bret framstilt i Vanity Fair, 1879

Harte var misnøgd med påverknaden som «sivilisasjonen» hadde på den amerikanske villmarka. Han var misnøgd med effektane som jernbanen førte med seg, og han mislikte sterkt behandlinga til dei kvite av minoritetane som urfolk, kinesarar og meksikanarar, som stod nedst på samfunnsstigen i busetjinga av det ville vesten. Han avskydde rasisme. I diktet «Plain Language from Truthful James» blei kvite som freista å svindla ein kinesar bedratt av sin eigen sjølvgodheit. Likevel førte det populære diktet, som han sjølv kalla «det verste eg nokon gong har skrive», til rasistisk antipati mot asiatar i California.[6]

Dei fyrste litterære forsøka til Harte, både prosa og poesi, blei trykte i The Californian, eit tidleg litterært tidsskrift som blei redigert av forfattaren Charles Henry Webb. I løpet av den amerikanske borgarkrigen skreiv han 22 dikt. I 1868 blei han sjølv redaktør av The Overland Monthly, eit anna litterært magasin, og dette tidsskriftet var langt meir samstemt med pionererånda i begeistringa i California. Logoen til bladet, sporet av bjørnelabbar over togskjener, var skapt av Harte sjølv.[6]

Bret Harte i 1902, eller tidlegare.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

Gravsteinen til Bret Harte i kyrkjegarden til St Peter's Church i Frimley i England
Inskripsjon på gravsteinen: «Death shall reap the braver harvest»
  • «Tennessee's Partner», novelle, fyrst gjeven ut i The Overland Monthly i 1869
  • The Tales of the Argonauts, novellesamling frå 1875
  • «Plain Language from Truthful James», fyrst gjeven ut i The Overland Monthly i 1870 som The Heathen Chinee
  • The Crusade of the Excelsior, fyrst gjeven ut i 1887.
  • The Stolen Cigar-Case, med mesterdetektiven «Hemlock Jones», lovprisa av Ellery Queen som «truleg den beste parodien på Sherlock Holmes nokon gong skriven».[13]
  • The Society upon the Stanislaus, eit tragikomisk dikt, nett som «Plain Language from Truthful James» lagt til nordlege California i gruveleirene, og fortalt av den same forteljaren, «Truthful James».
  • Nord-Amerika, seine Städte und Naturwunder, sein Land und seine Leute var forfatta av austerrikske Ernst von Hesse-Wartegg, med bidrag frå andre skribentar, blant anna Harte.
  • Bret Harte, Selected Stories and Sketches, eit utval av tekstane hans, redigert av David Wyatt og gjeven ut i serien Oxford World's Classics, 1995.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nokre kjelder seier han blei fødd i 1837 eller 1839. Tilmed gravsteinen hans har feil år, 1837. Sjå «Bret Harte Birth Year Set as 1836», Berkeley Daily Gazette, 15. august 1936
  2. Bret Harte, American Literatur
  3. 3,0 3,1 Scarnhorst, Gary (2000): Bret Harte: Opening the American Literary West. Norman, OK: University of Oklahoma Press, ISBN 0-8061-3254-X, s. 3–4
  4. Kanfer, Stefan (1989): A Summer World. New York, NY: Farrar Straus Giroux. ISBN 0374271801. s. 40
  5. Scharnhorst, Gary (desember 1996): «Ways That Are Dark»: Appropriations of Bret Harte's «Plain Language from Truthful James» i: Nineteenth-Century Literature, 51 (3), s. 377–399.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 Henderson, Victoria: «Bret Harte, 1836-1902» Arkivert 2015-04-02 ved Wayback Machine., Postbellum America, 1866-1913
  7. «Autumn Musings» er rapportert å ha blitt publisert i New York Sunday Atlas, i henhold til Theodore Bryant Kingsbury, "Vanity of Earthly Things," Charlotte Observer (Nord-Carolina), 13. desember 1903, s. 14. New York Sunday Atlas kan ha vært en av de aviser i Albany som benyttet denne tittelen i årene 1843–1855.
  8. Wiyot Tribe, stammens nettside
  9. Kowinski, William S. (28. februar 2004): «In 1860 six murderers nearly wiped out the Wiyot Indian tribe», SFGate
  10. Nissen, Axel (2000): Bret Harte: Prince and Pauper. University Press of Mississippi, ISBN 1-57806-253-5, s. 64
  11. 11,0 11,1 «Bret Harte Biography», Enotes
  12. Gerten-Jackson, Carol: «CGFA – John Pettie: Portrait of Bret Harte» Arkivert kopiWayback Machine.. CGFA.
  13. Davies, David Stuart (1998): Shadows of Sherlock Holmes, Hertfordshire: Wordsworth Editions. ISBN 1-85326-744-9. s. xvii.