Brett Borgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brett Borgen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1934
Oslo
Død

11. mars 2014 (79 år)
Oslo

Yrke skribent, lyrikar
Språk norsk
Far Johan Borgen
Mor Annemarta Borgen
Ektefelle Gunnar Alme, Arne Falck

Brett Borgen (fødd 7. oktober 1934 i Oslo, død 11. mars 2014) [1] var ein norsk forfattar. Ho er dotter til Annemarta f. Evjenth og Johan Borgen og mor til Iselin Alme. Ho debuterte som forfattar i 1972 med boka Fra en ikke helt vellykket skuespillerinnes dagbok.

Ho var først gift med scenografen Gunnar Alme, som er far til hennar to born, og seinare med forfattaren Arne Falck.

På 1970-talet uttalte ho offentleg at ho hadde lytta seg til kristen tru under preikene til Knut Andersen i Uranienborg kyrkje i Oslo.[2] Det kristne livssynet har sidan sett preg på mykje av forfattarskapen hennar.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fra en ikke helt vellykket skuespillerinnes dagbok (1972)
  • Se dette menneske (1974) Dikt og kortprosastykker
  • Istedenfor Lisbeth (1977)
  • Dualoger med Vår Herre (1977)
  • Isabella, sorgen og Don Juan en fabel (1977)
  • En time med Jesus Kristus (1978)
  • Femti år igjen å leve (1978)
  • Vær så snill'a. Barnebok for voksne (1978)
  • Den fortapte datter (1979)
  • Fanmail til Othilie (1980)
  • Heltinnen (1981)
  • Offside (1983)
  • Intet annet enn kjærligheten tar jeg imot (1984)
  • Lillelord og Lady Brett (1985)
  • For å ta igjen min tapte smerte (1997)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Brett Borgen». Gravferdsetaten i Oslo kommune. Henta 2. desember 2016. 
  2. Egil Grandhagen og Dagfinn Solheim Budskap 2005 (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 7. desember 2015, henta 8. februar 2013