Brettesnes
Brettesnes er eit fiskevær på sørenden av øya Store Molla i Vågan kommune i Nordland.
Folketalet på Brettesnes voks mykje då englendarar i 1872 bygde og dreiv ein guanofabrikk til 1889. Seinare dreiv norske interessentar ein fabrikk som produserte både sildemjøl, sildolje, tran og torskemjøl. Denne verksemda vart avvikla på byrjinga av 1990-åra.
I 1946 budde 146 menneske fordelt på 24 bustader i Brettesnes. Særleg etter at sildoljefabrikken vart lagt ned, stupte folketalet, så i dag lever det berre 12-15 personar i Brettesnes.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950
- Denne artikkelen bygger på «Brettesnes» frå Wikipedia på bokmål, den 1. juli 2015.