Brian Kidd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brian Kidd
Brian Kidd.JPG
Fødd 29. mai 1949
Manchester

Brian Kidd (fødd 29. mai 1968) er ein ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Manchester som i 1968 var med å vinne Europacupen i fotball for Manchester United. Midtspissen fekk to opptredenar i Englands landslagsdrakt våren 1970.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kidd ligadebuterte på Manchester United i sesongopninga i august 1967. På 19-årsdagen i 1968 skåra han det tredje målet då Manchester-laget tok heim den fyrste europacup-pokalen gjennom finalesiger 4-1 over BenficaWembley stadion i London.

Etter at Manchester United våren 1974 rykte ned i 2. divisjon, vart Kidd overført til Arsenal. Etter to sesongar i London-laget gjekk turen tilbake til Manchester, då til spel med Manchester City. I mars 1979 signerte han for Everton, der han vart verande til han sommaren 1980 vart overført til Bolton og spel i 2. divisjon i halvtanna år. På tampen av karrieren tente han peng hos fleire USA-amerikanske lag.

Langdslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kidd deltok i to landskampar for England i april-mai 1970. Han spelte heile kampen då Nord-Irland vart slått i London, medan han var innbytar mot Ecuador i Quito der han skåra det andre målet i ein kamp som enda med siger 2-0.

Sidan han la opp som spelar, har Kidd arbeidd i fleire ulike fotballklubbar, mellom andre Manchester United 1988-98 og Manchester City 2009-dags dato.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]