Brian Labone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brian Labone


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 23. januar 1940
Liverpool
Død

24. april 2006 (66 år)
Liverpool

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1970, EM i fotball 1968

Brian Leslie Labone (23. januar 194024. april 2006) var ein engelsk fotballspelar frå Liverpool. Han spelte midtstoppar på Everton FC, og var med om å vinne ligaen to gongar og FA-cupen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Labone var aktiv for Everton frå 1958 til 1971, spelte 534 kampar. Han vart ligameister med laget i 1963 og på ny i 1970. I 1966 kunne han som kaptein heve FA-pokalen etter finalesiger 3–2 over Sheffield Wednesday, to år seinare tapte Everton FA-cupfinalen mot West Bromwich Albion.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Labone spelte 26 landskampar for England. Tre av kampane kom i 1962/63-sesongen, resten i tida mai 1967 til 14. juni 1970. Under Fotball-VM 1970 var han midtstoppar i tre kampar. I hans siste landskamp rauk England ut av meisterskapen etter tap 2–3 mot Tyskland.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ligameister: 1963 og 1970 med Everton
  • Vinnar av FA-cupen: 1966 med Everton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]