Brian Wellman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brian Wellman (fødd 8. september 1967) er ein tidlegare tresteghoppar frå Bermuda. Han vann øvinga ved innandørs-VM 1995 og tok sølvmedaljen under Friidretts-VM 1995 i Göteborg.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1991 hoppa Wellman over 17 meter i tresteg for fyrste gong, målt til 17,07 m i Sheffield. Seinare i sesongen vart han sjettemann ved verdsmeisterskapen i Tokyo og han sigra i universiaden. Året etter vart han nummer fem i OL-finalen i Barcelona, før han flytta sitt personbeste til 17,25 ved eit stemne i Torino.

Våren 1994 hoppa Wellman 17,41 m i El Paso i Texas, USA. Ut på sommaren kom han på tredjeplass med 17,00 m ved samveldeleikane i Victoria i British Columbia, Canada. I mars 1995 presterte han sitt livs lengste tresteghopp på 17,72 meter då han vann innandørs-VM i Barcelona, 10 cm framom Yoelbi Quesada frå Cuba. Under verdsmeisterskapen 1995 kneip Wellman sølvmedaljen, 3 cm føre nummer 3 og 4 i tevlinga.

I 1996 enda Wellman på sjetteplass ved OL i Atlanta. Etter OL-sesongen 1996 hoppa han for kort til å melde seg på i medaljestriden i dei største meisterskapane. Høgst på resultatlista kom han ved VM 1997 der han vart nummer fem, i VM 2001 kom han på sjetteplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]