Brich dem Hungrigen dein Brot
BWV 39 Kantate av Johann Sebastian Bach | |||
![]() | |||
Sjanger | Koral | ||
---|---|---|---|
Periode | Barokken | ||
Komponert | 1726 | ||
Urframføring | 23. juni 1726 23. juni 1726 | ||
Publiseringsdato | 1857 | ||
Typisk lengd | 21:36 | ||
Satsar/akter | 7 |
Brich dem Hungrigen dein Brot, BWV 39, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for den første sundagen etter treeiningssundag, som dette året fall på den 23. juni. Dette var første gongen verket vart framført.
Fleire har medverka til teksten,[1][2]:
- Jesaja, kapittel 58, vers 7 og 8, som tekst til første sats
- Brevet til hebrearane, kapittel 13, vers 16, som tekst for fjerde sats
- David Denicke for den siste koralen (vers 6 av salmen Kommt, laßt euch den Herren lehren, 1648)
- opphavet til teksten til resten av satsane er ukjende (W. Blankenburg[3] foreslår Christoph Helm).
Koraltemaet er Freu dich sehr, o meine Seele, som vart nedskriven av Louis Bourgeois då han samla Pseaumes octante trios de David (Geneve, 1551). Bourgeois ser ut til å ha vore påverka av den verdsleg songen Ne l’oseray je dire som finst i Manuscrit de Bayeux frå kring 1510.
Instrumentering og struktur
[endre | endre wikiteksten]Stykket er instrumentert for blokkfløyter I/II, oboar I/II, fiolinar I/II, bratsj og basso continuo, i lag med tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.
Det består av sju satsar, delt (3-4) i to delar, som vart framført før og etter preika:
- (Koral): «Brich dem Hungrigen dein Brot» for kor, flauti, oboar, strykarar og continuo.
- Resitativ: «Der reiche Gott « for bass og continuo.
- Arie: «Seinem Schöpfer noch auf Erden» for fiolino og obo obbligato og continuo.
- (Arie): «Wohlzutun und mitzuteilen vergesset nicht» for bass og continuo.
- Arie: «Höchster, was ich habe» for sopran, flauti og continuo.
- Resitativ: «Wie soll ich dir, o Herr» for alt, strykarar og continuo.
- Koral: «Selig sind, die aus Erbarmen» for kor og orkester tutti colle parti.
Tekst
[endre | endre wikiteksten]
Erster Teil (første del) |
|
|
Zweiter Teil (andre del) |
|
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brich dem Hungrigen dein Brot, BWV 39» frå Wikipedia på engelsk, den 8. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Craig Smith, Programme notes - BWV 39[daud lenkje], Emmanuel Music.
- Walter F. Bischof, Tekst og orchestration for BWV 39[daud lenkje], Bach-kantater, University of Alberta.
- Alfred Dürr: Johann Sebastian Bach: Die Kantaten. Bärenreiter, Kassel 1999, ISBN 3-7618-1476-3
- Alfred Dürr: The Kantates of J.S. Bach, Oxford University Press, 2006. ISBN 0-19-929776-2
- Werner Neumann: Handbuch der Kantaten J.S.Bachs, 1947, 5th Ed. 1984, ISBN 3-7651-0054-4
- Hans-Joachim Schulze: Die Bach-Kantaten: Einführungen zu sämtlichen Kantaten Johann Sebastian Bachs. Leipzig: Evangelische Verlags-Anstalt; Stuttgart: Carus-Verlag 2006 (Edition Bach-Archiv Leipzig) ISBN 3-374-02390-8 (Evang. Verl.-Anst.), ISBN 3-89948-073-2 (Carus-Verl.)
- Christoph Wolff/Ton Koopman (Eds.): Die Welt der Bach-Kantaten, Metzler/Bärenreiter, Stuttgart und Kassel, 3 Bände Sonderausgabe 2006 ISBN 3-476-02127-0
- Luigi Ferdinando Tagliavini. Studi sui testi delle Kantate sacre di J. S. Bach. Università di Padova, pubblicazioni della Facoltà di Lettere e Filosofia, vol. XXXI, Padova & Kassel, 1956, xv-291.
- Geoffrey Turner. Song The Word: The Kantates of J S Bach. New Blackfriars, volume 87, issue 1008, pages 144-154.
- J. C. J. Day. The teksts of Bach's Church kantates: some observations. German Life og Letters, volume 13 (1960), num. 2, pages 137-144.
- Harald Streck. Die Verskunst in den poetischen Teksten zu den Kantaten J. S. Bachs. Dissertation: Universität Hamburg 1971, 214 pages.
- ↑ Christoph Wolff (red.): Die Welt der Bach-Kantaten, Metzler/Bärenreiter, Stuttgart und Kassel, 3 Bände Sonderausgabe 2006 ISBN 3-476-02127-0
- ↑ C. S. Terry og D. Litti, Bach's Cantata Libretti, Journal of the Royal Musical Association 1917 44(1):71-125; doi:10.1093/jrma/44.1.71
- ↑ W. Blankenburg, Johann Sebastian Bach. Wege der Forschung. Darmstadt, 1970.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Piano- og songpartitur for BWV 39 på bach-cantatas.com
- Kommentarar om verket på bach-cantatas.com