Brick by Brick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brick by Brick
Studioalbum av Iggy Pop
Utgjeve Juni 1990
Innspelt 15. februar til 23. mars 1990
Studio Oceanway og Hollywood Sound i Hollywood i California
Sjanger Hardrock[1]
Lengd 54:09
Selskap Virgin
Produsent Don Was
Iggy Pop-kronologi
Instinct
(1988)
Brick by Brick American Caesar
(1993)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Rolling Stone4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]

Brick by Brick er det tiande studioalbumet til den amerikanske songaren Iggy Pop, gjeve ut i juni 1990 av plateselskapet Virgin.

Etter å ha fått blanda kritikk for albuma sine gjennom heile 1980-åra, hyrte Pop inn Stooges-tilhengjaren Don Was som produsent, som seinare òg produserte Avenue B, og valte ein hardare rockestil. Mange av songane på albumet har tekstar som omhandlar faren for kulturelt forfall i USA.

Slash og Duff McKagan frå Guns N' Roses deltok begge på albumet som musikarar og låtskrivarar. Plateomslaget vart teikna av teikneserieteiknaren Charles Burns. Andre musikarar på albumet var Waddy Wachtel og Kenny Aronoff. Albumet var det første studioalbumet til Pop der han spelar gitar.

Albumet fekk noko av den beste kritikken Pop hadde hatt sidan samarbeida med David Bowie og «Candy», med The B-52's-vokalisten Kate Pierson, vart den første hitten hans på MTV. Videoen vart mykje spelt på kanalen. Det vart òg laga videoar for «Home», «Butt Town» og «Livin' On the Edge of the Night».

Albumet nådde 90. plassen på Billboard 200 i USA og låg på lista i 45 veker. Songen «Livin' On the Edge of the Night» vart gjeven ut før resten av albumet og på filmmusikkalbumet til filmen Black Rain med Michael Douglas og Andy García. Songen nådde 16. plass på Modern Rock Tracks. «Candy» nådde 30. plassen på Mainstream Rock Tracks, femteplassen på Modern Rock Tracks og 28. plassen på Billboard Hot 100. Den første singelen frå albumet, «Home», nådde andreplassen på Modern Rock Tracks.

Brick by Brick vart det første albumet til Igyy som selde til gullalbum i USA, meir enn 500 000 selde eksemplar. Etter albumet la Iggy ut på ein verdsturne. Konserten hans i 1991 i Paris vart filma og sidan gjeven ut på DVD. Fleire kjende tilhengjarar dukka opp på scenen med Iggy under turneen, som Johnny Depp.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Iggy Pop, bortsett frå der andre er nemnde. 

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Home»    4:00
2. «Main Street Eyes»    3:41
3. «I Won't Crap Out»    4:02
4. «Candy»    4:13
5. «Butt Town»    3:34
6. «The Undefeated»    5:05
7. «Moonlight Lady»    3:30
8. «Something Wild»  John Hiatt 4:01
9. «Neon Forest»    7:05
10. «Starry Night»    4:05
11. «Pussy Power»    2:47
12. «My Baby Wants to Rock and Roll»  Pop, Slash 4:46
13. «Brick by Brick»    3:30
14. «Livin' on the Edge of the Night»  Jay Rifkin 3:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk
  • Don Was: produsent
  • Ed Cherney: lydteknikar
  • Greg Fulginiti: mastering
  • Suchi Asano Osterberg - produksjonskoordinering

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Deming, Mark. «Brick by Brick – Iggy Pop | Songs, Reviews, Credits | AllMusic». AllMusic. Henta 8. mai 2018. 
  2. Evans, Paul (9. august 1990). «Brick by Brick review». Rolling Stone. Henta 7. april 2016.