Brickfielder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brickfielder er ein varm og tørr vind i ørkenen sør i Australia som opptrer på sommaren. Han bles som ein kraftig, varm vind frå indre område mot kysten, ofte i fleire dagar i slengen, og fører med seg mykje støv. Vinden vert nesten alltid ettergølgd av ein sterk sønnavind med skya og kjølig vêr frå havet. Dei to vindane kjem har same årsak, eit lågtrykkssystem over Australiabukta. Skiftet frå den varme nordavinden til den kalde sønnavinden skjer brått, og temperaturen er kjend for å ha falle 15 grader på 20 minuttar når skiftet har skjedd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]