Bridgnorth
| Bridgnorth | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Shropshire | ||
| Distrikt | Shropshire | ||
| Folketal | 12 079 (2011)[1][2] | ||
| Postnummer | WV15, WV16 | ||
| Retningsnummer | 0 1746 | ||
![]() Bridgnorth 52°32′06″N 2°25′10″W / 52.535°N 2.4195°W | |||
| Wikimedia Commons: Bridgnorth | |||
Bridgnorth er ein by i Shropshire i England. Han har namn etter ei bru over elva Severn, som låg lengre nord enn ei tidlegare bru ved Quatford.[3] Bridgnorth er delt i to, Low Town og High Town, som har namn etter plasseringa si i høgde i forhold til Severn. Byen er administrasjonssenter for, og har gjeve namn til det tidlegare distriktet Bridgnorth.
Dei to bydelane er knytte til den brattaste jernbanestrekninga i Storbritannia, Castle Hill Railway. I Low Town finn ein Severn Valley Railway, som går sørover mot Kidderminster. High Town er dominert av Bridgnorth slott og rådhuset frå 1600-talet. Det er òg bevart ein byport, og vassmølla Daniel's Mill. Slottet ligg i ruinar etter at det vart sprengt under den engelske borgarkrigen. Ved same høve vart store delar av byen brunnen.
Den 21. august 2003 fekk Bridgnorth status som Fairtrade Town.
Den vesle byen har hele 27 pubar, noko mange turistar til Black Country utforskar nærmare. Det vert arrangert ein årleg folkemusikkfestival her.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ http://www.neighbourhood.statistics.gov.uk/dissemination/LeadKeyFigures.do?a=7&b=11121171&c=Bridgnorth&d=16&e=62&g=6460202&i=1001x1003x1032x1004&m=0&r=1&s=1448289485484&enc=1.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp) - ↑ «Key Statistics». Office for National Statistics. Table KS101EW (Usual resident population) and Table KS105EW (Household composition). Henta 23. juni 2025.
- ↑ Raven, Michael (2005). A Guide to Shropshire. Michael Raven. s. 32. ISBN 0-906114-34-9. Henta 14. mai 2008.[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Bridgnorth» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
