Briesemeister Peak
| Briesemeister Peak | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Topp | Palmer Land | ||
| • høgd | 690 moh. | ||
| - koordinatar | 69°28′S 62°45′W / 69.467°S 62.750°W | ||
| Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Briesemeister Peak 69°28′00″S 62°45′00″W / 69.4667°S 62.75°W | |||
Briesemeister Peak er ein fjelltopp, 690 moh, som ligg 7 nautiske mil vest-nordvest for Cape Rymill på austkysten av Palmer Land. Denne toppen vart fotografert frå lufta av sir Hubert Wilkins den 20. desember 1928, og av U.S. Antarctic Service i 1940. Det vart namngjeve av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon under Finn Rønne, 1947–48, etter William A. Briesemeister (død 1967), som var sjefskartograf i American Geographical Society, 1913–63, og som fanne denne toppe på to bilete teken av Wilkins, noko som gjorde at ein kunne plassere Stefansson Strait nøyaktig på kartet.[1] Han oversåg førebuinga av kart for Antarktis som skulle nyttast under Det internasjonale geofysiske året (IGY) (1957–58) og prosjekt etter IGY under US Antarctic Research Program.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Geographical Review, July 1948, pp. 477, 484
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Briesemeister Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).
