Brigg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
USS «Bainbridge», bygd 1842. (Teikna av R.G. Skerrett i 1903)

Ein brigg er eit tomasta, mellomstort, fullrigga seglskip med rær på begge mastene og gaffelrigg på nedre del av bakre mast. Ordet «brigg» kjem frå ei engelsk forkorting for brigantine, ei avleiing av italiensk brigantino, som tyder 'røvarskip' eller 'sjørøvarskip'.[1]

Skutene hadde god lasteevne, men var ikkje raske. Storleiken gjorde det overkommeleg både å byggje og finansiere dei lokalt og dei var vanlige i Noreg på 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.