Briggsbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 54°10′S 37°8′W
Briggsbreen
isbre
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°10′S 37°8′W

Briggsbreen
54°10′0″ S 37°7′0″ W
South Georgia and the South Sandwich Islands in United Kingdom.svg

Briggsbreen er ein isbre mellom Mount Worsley og The Trident sentralt på Sør-Georgia, som flyt nordvest og ut i Murray snømark. Han vart kartlagt som ein isbre som flyt ut i enden av Possession Bay i 1929 av kapteinløytnant John M. Chaplin i Royal Navy (1888–1977). Chaplin var landmålar ombord på RRS «Discovery» under Discovery Oceanographic Expedition i 1925–1927, og vart seinare sjef for den hydrografiske undersøkinga på Sør-Georgia, 1928–30.

Briggsbreen vart kalla opp etter matrosen A.C. Briggs, på RRS «Discovery» i 1925–27 og eit medlem av landmålingsgruppa til Chaplin i 1928–30. I løpet av South Georgia Survey i 1955–1956 vart det komplekse isbre- og snømarkområdet sør for Possession Bay for første gong kartlagd i detalj, og Briggsbreen vart plassert på kartet på ny.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]