Hopp til innhald

Brigitte Oertli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brigitte Oertli
StatsborgarskapSveits
Fødd10. juni 1962 (64 år)
Egg i Sveits
Idrettalpint
Tok del i Vinter-OL 1984, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – women's downhill, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – women's combined

Brigitte Oertli (fødd 10. juni 1962) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Egg i kantonen Zürich. Ho vann to OL-sølv i 1988 og ein VM-bronse året etterpå. Både i 1985 og 1988 kom ho på andreplass i verdscupen i alpint.

Oertli meisterskapsdebuterte internasjonal under VM i alpint 1985 i Bormio. Der kom ho femteplass i slalåmtevlinga og åttandeplass i utforløypa. Ho deltok også i VM i alpint 1987 i Crans-Montana, og vart nummer 10 i super-G og nr 11 i storslalåm.

Under vinter-OL 1988 i Calgary tok Oertli sølv i utfor, bak den suverene vinnaren Marina Kiehl frå Vest-Tyskland. Ho gjentok bragda i kombinasjonen, då bakom Anita Wachter. Under VM i alpint 1989 i Vail i Colorado fekk ho bronse i kombinasjonsøvinga, etter Tamara McKinney og landsmannen Vreni Schneider.

Gjennom si tid som aktiv vann Oertli ni verdenscuprenn, sju av dei i den alpine kombinasjonen. Ho vann kombinasjonsdelen i verdscupen heile fire sesongar (1985, 1987-89). Ho gjekk første gongen til topps i verdscupen 9. desember 1984, den siste sigeren kom 10. desember 1989. Flest sigrar oppnådde ho i 1988-sesongen, då ho også vann sin einaste siger i slalåm og sin einaste i utfor.

To gongar kom Oertli på andreplass i verdscupen i alpint for kvinner, høvesvis 1985 og 1988. I 1985 var ho med på ein sveitsisk storeslem, Michela Figini vann då verdscupen i alpint føre Oertli, 259 poeng mot 218, med Maria Walliser på tredjeplass. I tillegg kom Erika Hess på ein delt fjerdeplass.

Oertli la opp i 1990.

Verdscupsigrar

[endre | endre wikiteksten]
Dato Stad Land Øving
9. desember 1984DavosSveitsKombinasjon
11. januar 1985Bad KleinkirchheimAusterrikeKombinasjon
11. januar 1987MellauAusterrikeKombinasjon
13. desember 1987LeukerbadSveitsKombinasjon
18. januar 1988Saas-FeeSveitsSlalåm
24. januar 1988Bad GasteinAusterrikeKombinasjon
5. mars 1988AspenUS-AmerikaUtfor
15. januar 1989GrindelwaldSveitsKombinasjon
10. desember 1989Steamboat SpringsUSAKombinasjon

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]