Brihadisjvara-tempelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brihadisvara-tempelet)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Brihadisjvara-tempelet i Gangaikondacholapuram.
Brihadisjvarar-tempelet

Periya kovil
Peruvudaiyar kovil
Rajarajeswaram

Brihadisvara, Brihadishvara, Brihadeeswarar

StadThanjavur i Tamil Nadu i India
ArkitektTsjola
Påbegyntca. 1003
Opna1010
StilTamil architecture
Kart
Brihadisjvara-tempelet
10°46′59″N 79°07′57″E / 10.78305556°N 79.1325°E / 10.78305556; 79.1325

Brihadisjvara-tempelet er eit hindutempel i Thanjavur i den sørindiske delstaten Tamil Nadu. Tempelet er vigd Sjiva, og er eitt av dei største i India.[1] Det er eit framifrå døme på arkitektur frå Tsjolariket, og er framleis i bruk som tempel. Tempelet blei teke med på UNESCO si liste over verdsarv i 1987, og står no på lista som eit av tre «store levande tsjolatempel».[2] Det blei bygd i byrjinga av 1000-talet.

Den andre tempelporten sett frå den første tempelporten.
Utskjeringar med dansande Sjiva ved Brihadisjvara.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brihadisjvara-tempelet ligg ved sidan av den heilage Kaverielva. Tempelet er laga av granitt, eit steinslag som ikkje finst nærare staden enn 6 mil unna, i Tiruchirappalli. Tempeltårnet er 66 meter høgt, og er eit av dei høgaste nokon stad i verda.[3] Den store strukturen på toppen (kumbam eller tsjikharam) er laga av ein enkelt stein og veg rundt 80 tonn.[4] Ein kan sjå det frå einkvar stad i Thanjavur.[5] Også statuen av Nandi, den heilage oksen til Sjiva, er laga av ein enkelt stein og er rundt 5 meter lang.[6] Tempelet er dekorert med tak- og veggmåleri i Tanjore-stil og utskjeringar som mellom anna viser dei 108 dansepositurane frå bharatanatyam.[2]

Tempelet står innanfor sterke murar som truleg blei bygde på 1500-talet. Murane har også vollgrav med vatn frå elva. Nayakherskarane bygde også eit tempelbasseng kalla Sivaganga på 1500-talet. Eit gudinnetempel blei lagt til komplekset rundt 1200-talet.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gammalt fotografi av tempelet med mur og vollgrav.
Veggmåleri i den ytre paviljongen (mandapa) som viser Sjiva i ein lingam, hylla av ein elefant.

Tempelet blei bygd av Radjaradja Tsjola I og stod ferdig i 1010.[7] Han skal ha fått tanken om å bygga det i ein draum etter at han blei krona som keisar på Sri Lanka.[5]

Tempelet er særmerkt i at det har mange detaljerte innskrifter som skildrer kongen sine planar for tempelet, korleis han og andre fekk laga og utsmykka det. Dei skildrer ritual og offer og tidfester festivalar. Lista over gåver omfattar 66 bronsestatuar. I dag er berre 2 av dei igjen i tempelet.[5]

Etterfølgjaren til Radjaradja Tsjola, Radjendra I, ønskte å byggja ein større kopi av «det store tempelet» (Periya kovil, seinare kalla Brihadisjvara). Han bygde Brihadisjvara-tempelet i Gangaikondacholapuram, rundt 6 mil unna. Bygginga av det nye tempelet tok den kongelege støtten vekk frå det gamle tempelet i Thanjavur.[5] Dette tempelet blei likevel verande det største og flottaste av tempelet som står etter Tsjola-dynastiet.[2]

Panoramabilde av tempelet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Keay, John (2000). India, a History. New York, United States: Harper Collins Publishers. s. xix. ISBN 0-00-638784-5. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Great Living Chola Temples«, UNESCO.org
  3. Middle Chola Temples, S.R.Balasubrahmanyam
  4. «The Archaeological Survey of India (ASI)». 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 «Tamil Nadu - Thanjavur Periya Kovil – 1000 Years, Six Earthquakes, Still Standing Strong». Tamilnadu.com. 27 January 2014. Arkivert frå originalen 26. desember 2015. Henta 1. oktober 2014. 
  6. Ralhan, O. P., Encyclopaedia of Political Parties
  7. «Endowments to the Temple». Archaeological Survey of India. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brihadisjvara-tempelet