Brilleparula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brilleparula
Brilleparula
Brilleparula
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Brilleparula
Utbreiinga av Brilleparula
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Parulafamilien Parulidae
Slekt: Myiothlypis
Art: Brilleparula M. conspicillata
Vitskapleg namn
Myiothlypis conspicillata

Brilleparula (Myiothlypis conspicillata) er ein fugl i parulafamilien som er endemisk for Colombia med utbreiing avgrensa til eit lite område lengst nord i landet, Sierra Nevada de Santa Marta.

Arten er nært knytt til gråstrupeparula, Myiothlypis cinereicollis og rustkroneparula, Myiothlypis coronata. IUCN listar arten som nær truga, NT.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brilleparulaer når ei kroppslengd på 13,5 centimeter og venglengda er 6 cm. I grove trekk er hovud, hals og nakke i grått med svake brilleteikningar og kronestriper, oversida er olivengrøn og undersida er lys gul med skin av olivengrønt.

Vaksne fuglar og ungfuglar frå det første året syner ei svartgrå panne og svartgrå topp sidestriper som strekker seg til nakken. Den heller smale sentrale kronestripa over hovudet er gulaktig oransje. Dei kvite augeringane er ikkje komplette, men saman med ei lys eller kvit stripe frå auge til nebb dannar dei ei uklår brilleteikning. Strupeområdet og halsen er bleikare grå enn hovudet. Vengene er mørk brune med olivengrøne fjørkantar.

Denne arten er ein av tre parulaartar som førekjem i fjellkjeda Sierra Nevada de Santa Marta i det nordlege Colombia. Dei er standfuglar som lever i fuktige skogar, skogkantar og i velutvikla sunn vegetasjon i høgder mellom 450[1] og 2200 moh. Føda tar dei i nedre og midtre delar av vegetasjonen, vanlegvis i tett kratt eller underskog. Ein trur føda er insekt og andre leddyr, under beitinga kan dei vere med i fleirartsflokkar, gjerne saman med andre parulaartar i området som brunpanneparula, Basileuterus rufifrons og gyllenkroneparula, Basileuterus culicivorus.[1]

Det kuppelforma reiret blir bygd på bakken eller under trerøter. Eit kull består av tre til fire egg. Om hekkesesongen og ruging og modningsperiode for ungar finst ingen eksakte undersøkingar. Reproduktive fuglar førebudd for hekking har vore observert mellom april og juni.

Brilleparula ble tidligare sett på som ein underart av gråstrupeparula eller av rustkroneparula.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Curson, J. (2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brilleparula