Bring Me the Disco King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bring Me the Disco King
av David Bowie
frå albumet Reality
Innspelt mellom mars og desember 1992
i anten
Mountain Studios, Sveits;
eller i
38 Fresh Recordings i L.A.;
eller
The Hit Factory i NYC.
Sjanger Blue-eyed soul, Jazz
Lengd 7:45 (album)
6:06 (Lohner-miks)
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti

«Bring Me the Disco King» er ein song skriven av David Bowie tidleg i 1990-åra og spelt inn tre gonger, sjølv om det berre er den siste innspelinga som er gjeven ut, då han kom ut på Reality i 2003. Ein remiks vart laga i 2003 som ein del av musikken til filmen Underworld.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Tidlege innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Bring Me the Disco King» vart først spelt inn for Black Tie White Noise i 1993[1] og igjen for Earthling i 1997,[2] men kom aldri med på desse albuma. Medan han marknadsførte Black Tie White Noise, kalla Bowie songen «ein deprimerande song som oppsummerer dei triste, seine 70-åra med eit Philip Glass-refreng som går gjennom han», og venta på den tida at songen skulle vere med på albumet.[1] Nile Rodgers, som produserte songen med Bowie, hugsa fleire år seinare at Bowie skreiv han som «ein spøk basert på heile disco-greia i syttiåra, 120 slag i minuttet, veldig morosamt. Men det høyrdest berre for drygt ut.»[3]

Reality-utgåva[endre | endre wikiteksten]

I 2003 vart «Bring Me the Disco King» spelt inn for tredje gongen og så gjeven ut på albumet Reality.[4] I følgje Bowie sjølv «strippa eg han heilt ned og hadde berre Mike Garson på piano. Me spelte han i halvt tempo av originalen og nå fungerer det glimrande. Denne stakkars vesle foreldrelause Annie-greia ser ut til å ha fått ein heim no.»[3] Visconti sa om trommene på songen «det er den einaste songen på albumet der me bruker Matt Chamberlain på trommer, sjølv om han spelte trommer på ein heilt annan song. Spelinga hans er så forførande, så melodisk og så vakker, at me berre spelte 'Disco King' over innspelinga eg hadde gjort av desse trommene.»[4]

I motsetnad til dei gitardominerte songane på Reality har «Bring Me the Disco King» ein rytme som liknar samba, tango og jazz,[3] og i følgje Nicholas Pegg «verkar det i utgangspunktet upassande, men det staselege nærværet lukkast i å knyte albumet saman».[5] Som James E. Perone skreiv «Dei vage referansane indikerer eit tilbakeblikk på eit liv med bortkasta augneblinkar. [...] Den litt sliten-klingande tilnærminga Bowie bruker på songen fungerer perfekt i samanheng med fokuset albumet har på det å bli eldre.»[6]

Remiks[endre | endre wikiteksten]

Songen vart remiksa av den tidlegare Nine Inch Nails-bassisten og klaverspelaren Danny Lohner for filmusikken til filmen Underworld. Maynard James Keenan, Milla Jovovich, Josh Freese og John Frusciante bidrog òg til den remiksa songen.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Wild, David (21. januar 1993). «Bowie's Wedding Album». Rolling Stone (New York City: Wenner Media LLC). s. 14. 
  2. O'Leary, Chris (2019). Ashes to Ashes The Songs of David Bowie 1976-2016. Repeater Books. ISBN 9781912248308. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Thompson, Dave (2006). Hallo Spaceboy: The Rebirth of David Bowie. Toronto, Ontario, Canada: ECW Press. ISBN 1-55022-733-5. 
  4. 4,0 4,1 Buskin, Richard (October 2003). «David Bowie & Tony Visconti Recording Reality». Sound on Sound. Henta 19. september 2021. 
  5. Pegg, Nicholas (2006). The Complete David Bowie. Surrey, England: Reynolds & Hearn. s. 43. ISBN 978-1785653650. 
  6. Perone, James E. (2007). The words and music of David Bowie. Westport, Connecticut: Greenwood Publishing Group. s. 141. ISBN 0-275-99245-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]