Bring the Boys Back Home

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bring the Boys Back Home
Song av Pink Floyd
frå albumet The Wall
Språk engelsk
Utgjeve 30. november 1979
Innspelt April-november 1979
Sjanger Kunstrock, symfonisk rock
Lengd 1:21
Selskap Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US)
Komponist Roger Waters
Tekstforfattar Roger Waters
Låtskrivar(ar) Roger Waters
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters

«Bring the Boys Back Home» er ein song av det britiske bandet Pink Floyd laga av Roger Waters for albumet deira The Wall i 1979. Songen kom òg som b-side til singelen «When the Tigers Broke Free».

Tekst og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«Bring the Boys Back Home» handlar om den unge Pink som leitar etter far sin når alle kjem heim frå krigen, men Pink finn han ikkje. Folk rundt han er glade og sorglause og syng «Bring the boys back home!».

Songen er kraftfull med fullt orkester og stort operakor. Mot slutten av songen kan ein høyre telefonen frå «Young Lust», og læraren frå «Another Brick in the Wall». I tillegg kan ein høyre den kvinnelege tilhengjaren i byrjinga av «One of My Turns», og til slutt ei vokallinje frå «Is There Anybody Out There?». Ein kan samstundes med alt dette høyre ei stemme, truleg manageren til Pink, som roper «time to go!» (for å spele ein konsert) og lyden av manisk latter.

I følgje Roger Waters inneheld songen hovudtemaet til albumet, nemleg fellesskap. På dette stadiet i historia skjønar Pink at berre samhald kan redde verda, og til slutt han sjølv. Sjølv om han no veit korleis han skal løyse problemet sitt, klarar han ikkje å setje i gang, og bukkar under for sin stadig verre psykiske helse og kollapsar på hotellrommet.

På albumet er det Waters som syng teksten, medan det i filmen er eit stort kor. Songen er òg lengre i filmversjonen enn på albumet.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

  • Joe Porcaro – skarptromme[2]
  • 35 trommeslagarar frå New York, inkludert Bleu Ocean – skarptrommer[2][3]
  • New York Opera – kor[2]
  • New York Orchestra – strykarar[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fitch, Vernon and Mahon, Richard, Comfortably Numb — A History of The Wall 1978-–1981, 2006, s. 97.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Fitch og Mahon, s. 97
  3. Ocean, Bleu. «About Bleu Ocean». Arkivert frå originalen 23. juli 2012. Henta 5. april 2013.