Bringefossen

Koordinatar: 62°07′29.9″N 7°7′16.7″E / 62.124972°N 7.121306°E / 62.124972; 7.121306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°07′29.9″N 7°7′16.7″E / 62.124972°N 7.121306°E / 62.124972; 7.121306

Bringefossen
foss
Foto: Juli 2016
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Stranda
Fossetype Hestehale
Elv Bringselva
Totalt fall 420 m
 - Lengste fall 70 m
 - Midla breidd 12 m
Kart
Bringefossen
62°07′43″N 7°07′01″E / 62.1285°N 7.11686°E / 62.1285; 7.11686

Bringefossen, òg kalla Gomsdalsfossen, er den 38. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg ved Geirangerfjorden i Stranda kommune i Møre og Romsdal. Det meste av fossen er synleg frå fjorden, men som den nærliggande Friaren er toppen av han delvis skjult av eit smalt gjel. Fossefalla består av ei rekkje hestehalar og kaskadefall, i motsetnad til andre fossefall ved fjorden, som Dei sju systrene og Brudesløret som er meir vertikale.

Fossen har namn etter øydegarden Bringa som ligg ved nær fossen, nede ved fjorden. I hengedalen ovanfor fossen, ligg øydegarden Gomsdal (620 moh).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]