Brit Hoel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brit Hoel
Fødd19. desember 1942 (81 år)
Arendal
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Brit Karen Hoel (fødd Jørgensen19. desember 1942 i Arendal i Aust-Agder) er ein norsk politikar (Ap). Ho vart innvald på Stortinget frå Aust-Agder i 1981 og sat i 16 år, til 1997. Lokalt var ho medlem av kommunestyret i Øyestad i perioden 1975 til 1979. Frå 1979 til 1983 var ho medlem av Aust-Agder fylkesting. Etter tida på Stortinget var ho medlem av Riksrevisjonen frå 2000 til 2002. Frå 2004 engasjerte ho seg i Landsamskipnaden for hjarte- og lungesyke med fleire sentrale verv. 23.10.11 vart Brit Hoel einstemmig vald til styreleiar for LHL nasjonalt.

Av utdanning hadde Høl realskole og handelsskole. Deretter jobba ho i butikk. Frå 1975 til ho kom på Stortinget jobba ho på kontor.

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]