Brita Bjørgum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brita Bjørgum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. mars 1858
Voss herad
Død

16. januar 1906 (47 år)
Voss herad

Yrke skribent, lærar, kvinnesaksforkjemper

Brita Josefsdotter Bjørgum (11. mars 185816. januar 1906) var ein norsk forfattar, lærar og kvinnesaksforkjempar. Ho var blant dei første kvinnesaksaktivistane som skreiv på nynorsk.

Brita Bjørgum var dotter av gardbrukaren og sjølveigar Josef Tollefson og Brita Larsdotter[1] og syster av målaren Nils Bjørgum. Ho vart verande ugift heile livet.

I 1879 tok Bjørgum den lågare lærarinneprøven ved lærarinneskulen på Ølve i Sunnhordland. Deretter arbeidde ho som lærarvikar på Voss.

Bjørgum skreiv dikt og korte skjønnlitterære tekstar i publikasjonar som Unge Skud/Unglyden og Den 17de Mai, ofte berre under namnet Brita. I sistnemnde blad publiserte ho òg ein føljetong, som i 1895 vart utgjeven som bok med tittelen Kari Lidi.[2] Boka vert rekna som den første lengre forteljinga på landsmål skriven av ei kvinne.[3]

Ho var ein aktiv kvinnesaksdebattant som var oppteken av røysterett for kvinner, og vert rekna som ein føregangsfigur blant kvinnelege nynorskforfattarar. Ho tok òg til orde for republikk som styreform.

På trass av det politiske nybrottsarbeidet var Bjørgum oppteken av tradisjonar og eit kriste livssyn. I 1892 var ho den første som bidrog med pengar til barneheimen på Voss (innvigd 1919).[4]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1895: Kari Lidi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketelling 1875 for 1235P Voss prestegjeld: Bosted land: 0060 Bjørge
  2. «Det nynorske skriftlivet : nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon», www.nb.no, henta 11. november 2021 
  3. «Nynorsk faktabok 1998», www.nb.no, henta 11. november 2021 
  4. «Bondebladet, tirsdag 14. oktober 1919», www.nb.no, henta 11. november 2021