Brita Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Brita Lund (24. juni 188629. januar 1966) frå Grodås i Hornindal kommune tok på seg oppdrag innanfor strikking og nyttevev før ho reidyrka biletvev.

Brita Lund vaks opp på garden Lund som den eldste av fem sysken. Ho hadde fleire huspostar i Norfjord og i Oslo, men kom heim til Hornindal der ho tok på seg strikkearbeid for bygdefolk. Lund hadde si eiga strikkemaskin. Etter kvart gjekk Lund over til meir kunstferdige måleri og til slutt vart det biletvev ho satsa på.

På 1600-talet var biletveving ein utbreidd tradisjon på bygdene i Noreg, men frå om lag 1800 vart det så å seie slutt med denne forma for norsk prydkunst. Brita Lund er ei av dei som har teke vare på denne tradisjonen.

Då Brita Lund var om lag 45 år, var ho eit år hjå den kjende biletveverska fru K. Sexe i Nordheimsund. Lund har vove om lag 50 store kreasjonar med motiv frå bibelen, historia, norrøne mytologi og frå segner og eventyr. Teppene har vorte stilt ut og seld både i inn- og utland, mellom anna til Haakon VII og dronning Maud.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]