Britemesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dansk trykk frå 1496 av heilage Birgitta med bok.

Britemesse er ein gammal nordisk merkedag som blei feira den 7. oktober. Dagen er merkt på primstaven med ei bok, eit hus, piler, to lyngkvistar eller ein karde. Han blei også kalla kåldagen. Dagen er til minne om heilage Birgitta, som fekk helgenstatus i 1391. Ho grunnla birgittinarordenen og eit klosterVadstena.

I landbruket var dette tida då ein skulle hausta vinterkålen. Karden var rekna som eit teikn på at ein skulle byrja ullkardinga.

I naturen meinte ein at bjørnen tok til å grava hi og tørka lyng til det.

Husmerket viser til klosteret, medan boka viser til heilage Birgitta sine openberringar. Karden er ei forvansking av boka. Lyngkvistane er knytte til bjørnehiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]