British Film Institute

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
British Film Institute
TypeFilm- og fjernsynsorganisasjon
Skipa1933; 85 år sidan (1933)

British Film Institute (BFI) er ein ideell organisasjon som bidreg til å fremja film og filmproduksjon i Storbritannia. Han tek vare på det nasjonale filmarkivet og driv fleire kinoar, mellom anna ein IMAX-kino i London. Organisasjonen arrangerer også fleire festivalar: London Film Festival, BFI Flare: London LGBT Film Festival og Future Film Festival.[1]

BFI forvaltar verdas største filmarkiv med meir enn 50 000 spelefilmar og over 100 000 andre titlar, i tillegg til om lag 625 000 fjernsynprogram. Det meste av innhaldet i arkivet er britisk, men det omfattar også ein del internasjonalt viktige filmar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «BFI». British Film Institute. Henta 13. april 2016. 

Bakgrunnnsstoff[endre | endre wikiteksten]