British Overseas Airways Corporation

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
British Overseas Airways Corporation


Vickers VC-10 var utviklet for BOAC. Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
BransjeLufttransport
Skipa1939
HovudkontorLondon, London lufthamn, Heathrow
LandStorbritannia
TenesterDe Havilland DH 91 Albatross, Douglas DC-3, Handley Page Halifax, Canadair North Star, De Havilland DH.106 Comet, Douglas DC-7, Boeing 707, Boeing 747-100
Vickers VC-10 var utvikla for BOAC. Kravet til selskapet til operasjonar i tropane og høytliggende flyplassar gjorde flyet ueigna for amerikanske selskap.

British Overseas Airways Corporation (BOAC) var det statseigde britiske flyselskapet for langdistanseruter frå 1939 til 1946. Det vart oppretta som ei følgje av ei samanslutting mellom Imperial Airways og British Airways Ltd.[1] BOAC vart så slege saman med British European Airways og danna British Airways i 1974.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1930-talet fram til november 1950 opererte Imperial Airways og deretter BOAC ruter med flybåtar frå Southampton til dei britiske koloniane i Afrika og Asia. Fly som Short Empire og Short S.8 Calcutta vart brukte til transport av passasjerar og post.

Under andre verdskrigen opererte BOAC ei rute mellom Leuchars i Skottland og Stockholm i Sverige for å frakta post, kulelager, diplomatar og norske flyktningar og sabotørar. Ei eiga avdeling var oppsett med norsk personell og med norske Lockheed Lodestar-fly. Elles var ruta oppsett med flytypane Lockheed Hudson og de Havilland Mosquito, og dessutan fleire andre typar i mindre omfang. Ruta gjekk under namnet Stockholmsruten.

Oppløysing og samanslutting[endre | endre wikiteksten]

Ved eit parlamentsvedtak i 1946 vart BOAC omdanna til tre skilde selskap:

  • BOAC – for Imperiet, Nord-Amerika og Det fjerne Austen
  • British European Airways (BEA) - for det europeiske og innanlandske rutenettet
  • British South American Airways (BSAA) – for ruter til Sør-Amerika og Karibia (denne eininga vart inkorporert i BOAC i juli 1949)

Introduksjonen av jetfly[endre | endre wikiteksten]

I mai 1952 vart BOAC det første flyselskapet som tok i bruk jetfly til passasjertransport,[1] med det nye De Havilland DH.106 Comet. Alle Comet-fly vart sett på bakken i april 1954 etter at 3 av BOAC sine cometfly hadde styrta. Dei etterfølgjande havariundersøkingane slo fast at alle ulukkene vert skulda brist i flyet som følgje av materialtrøttleik etter mange gjentekne trykkendringar under opp- og nedstiging. Etter tekniske problem med Comet I gjenopptok BOAC jet-flygingar med amerikanske Boeing 707.

Produsenten dei Havilland løyste til slutt problema og kom opp med ein forbetra versjon i 1958. Comet 4 og BOAC vart den første til å nytta jet mellom Europa og USA.[1]

I 1956 kunngjorde BOAC at selskapet ville bestilte 15 amerikanskbygde fly av typen Boeing 707. Dette forårsaka eit ikkje lite politisk opprør i Storbritannia, noko som enda med at selskapet vart beordra til å kjøpa dei britiskbygde Vickers VC-10 i staden til trass for at VC-10 hadde høgare driftsomkostningar enn 707. Likevel vart enden på denne disputten at BOAC enda opp med å ta begge flytypar i bruk, og bestilte 17 eksemplar av ein forlenga versjon, Super VC-10.

Seinare vart BOAC ein av dei største kundane hos Boeing utanfor Nord-Amerika. Den neste store ordren hos Boeing var for 11 747-100, og BOAC mottok sin første 747 den 22. april 1970. Men på grunn av ein aksjon sett i verk av British Air Line Pilot sin Association kunne ikkje flyet setjast i kommersiell drift før eitt år seinare, den 14. april 1971.

I 1962 stifta BOAC og Cunard «BOAC-Cunard Ltd» for å driva ruteflyging til Nord-Amerika, Karibia og Sør-Amerika. Samarbeidet med Cunard opphøyrde og rutene heldt fram som reine BOAC-ruter.

Oppløysing[endre | endre wikiteksten]

Den 1. september 1972 vart «British Airways Board» danna for å kontrollera både BOAC og BEA, og den 31. mars 1974 vart begge selskap oppløyste og operasjonane deira slått saman i eitt selskap. British Airways vart danna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «World Airline Directory», Flight International, s. 530, 28. september 1967, arkivert frå originalen 11. mars 2012, henta 14. desember 2009