Britisk blues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Britisk blues er ein musikksjanger som oppstod frå amerikansk blues seint i 1950-åra og som var på sitt mest populære i 1960-åra, då det vart utvikla ein særeigen og innverknadstung stil som var dominert av elektrisk gitar og gjorde artistane innan sjangeren til internasjonale stjerner. Døme på desse artistane er The Rolling Stones, The Animals, Eric Clapton, Fleetwood Mac og Led Zeppelin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første bluesplatene kom til Storbritannia under andre verdskrigen med amerikanske soldatar. Så tidleg som i 1950-åra vart blues, og særleg Ma Rainey og Bessie Smith, i tillegg til boogiewoogie, kjend og likt av jazzfans. Sjølv då merka plateselskap seg den gryande marknaden og gav ut blues- og jazz-plater, hovudsakleg på Decca Records, ein etikett under EMI. Blues vart òg kjend gjennom skifflebølgja på slutten av 1950-åra. Lonnie Donegan spelte bluessongar av Leadbelly. Då skifflebølgja la seg, vendte mange av skifflemusikarane seg mot rein blues. Blant desse musikarane finn ein Cyril Davies og Alexis Korner, som spelte med Chris Barber. Davis eigde The London Skiffle Club ved The Roundhouse Public House. Her spelte dei første amerikanke bluesmusikarane i Storbritannia, som Big Bill Broonzy. Etter denne musikalske opplevinga, valde dei to å stenge klubben og opna han på ny ein månad seinare som The London Blues and Barrelhouse Club. Så langt var britisk blues påverka av akustisk countryblues, men det endra seg etter Muddy Waters spelte der i 1958. Davis og Korner plugga inn instrumenta sine og skipa Blues Incorporated.

Mange av dei kjende britiske musikarane byrja karrierane sine i Blues Incorporated, og det var vanleg i bandet at dei som ønskte å spele der fekk lov. Artistar som spelte i Blues Incorporated var t.d. Mick Jagger, Charlie Watts og Brian Jones, som seinare spelte i The Rolling Stones, Jack Bruce og Ginger Baker, som seinare spelte i Cream, i tillegg til Graham Bond og Long John Baldry. Med denne lista av musikarar, vart Korners kalla «far til britisk blues». Bandet spelte seinare på Marquee Club og spelte i juni 1962 inn det første britiske bluesalbumet, R&B from the Marquee med songar av Muddy Waters, Jimmy Witherspoon og Leroy Carr. Dette albumet vart derimot ikkje spelte inn på Marquee, men i Decca Studios i West Hampstead i London.[1] I byrjinga av 1963 slutta Cyril Davis i Blues Inc. og skipa sitt eige band, som var meir jazzprega, Cyril Davis All Stars. Den elektriske bluesstradijonen vart så ført vidare av band som The Rolling Stones, The Yardbirds, The Animals, Fleetwood Mac, Cream og andre. Dei stod for det kommersielle gjennombrotet til sjangerne.

Den akustiske bluesen eksisterte i skuggande av den store store blues-bølgja i 1960-åra og vart aldri like populær som den elektrisk bluesen. Den viktigaste personen innan britisk blues i 1960-åra var John Mayall, som med bandet The Bluesbreakers sette saman somme av dei viktigaste engelske musikarane på den tida (Eric Clapton, Mick Taylor, Aynsley Dunbar, Jack Bruce, Mick Fleetwood, John McVie og Peter Green). Sjølv om bluesmusikken forsvann bak bluesrock og heavy metal seint i 1960-åra, to stilartar som utvikla seg frå britisk blues[2], heldt blusen seg levande sidan mange amerikanske bluesartistar vitja Storbritannia. I midten av 1980-åra vart bluesen igjen populær via The Blues Band, ei gruppe som bestod av fleire tidlegare Manfred Mann-musikarar (Paul Jones, Tom McGuinness, Hughie Flint og Gary Fletcher). Den akustiske bluesen vart halden i live av syskena Dave Kelly og Jo Ann Kelly. Dave vart seinare med i The Blues Band.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Harry Shapiro: Alexis Korner - The Biography (London, 1996). S. 108.
  2. «Britischer Blues». Akuma. Henta 11. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]