Britiske oversjøiske territorium
Ρ (engelsk: British overseas territories; tidlegare kjent som biland eller kronkoloniar) er territorieum som er underlagde britisk overhøgleik utan å vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Britiske oversjøiske territorium må haldast fråskilde frå kroneige, som har eit anna konstitusjonelt tilhøve til Storbritannia, og protektorat, som formelt ikkje var underlagt britisk overhøgleik. Dei må heller ikkje forvekslast med Samvelde-kongerike, som er suverene statar med den britiske monarken som statssjef.
Tidlegare blei kronkoloniar administrert direkte frå tenestemenn utpeikte av den britiske regjeringa. I dag er dei fleste britiske oversjøiske territoria meir eller mindre sjølvstyrte, berre avhengig av Storbritannia når det gjeld forsvar, utanrikssaker og handel.
Oversjøiske territorium har aldri vore sett på som del av Storbritannia og har aldri vore representerte i det britiske parlamentet, med den grunngjevinga at dei er separate jurisdiksjonar. Dronning Elizabeth II er statssjef i dei oversjøiske territoria som dronning av Storbritannia, ikkje som dronning av kvart territorium. Dette til skilnad frå Samvelde-kongerika, som Canada eller Australia, der dronninga har ei uttrykkjeleg rolle i kvart kongerike som «dronning av Canada» eller «dronning av Australia».
Monarken utnemner ein guvernør for kvart territorium som handlar på vegner av han eller henne og er ansvarleg for den indre tryggleiken i territoriet, samt opptrer som ein delegat mellom territoriet og den britiske regjeringa. Guvernøren har makt til å oppløysa den lovgjevande forsamlinga i territoriet og må sanksjonera alle nye lover. Guvernøren er vanlegvis frå Storbritannia.
Nåverande oversjøiske territorium[endre | endre wikiteksten]
Flagg | Våpen | Namn på territoriet | Plassering | Motto | Areal | Folketal | Hovudstad |
---|---|---|---|---|---|---|---|
![]() |
![]() |
Anguilla | Karibia | Strength and Endurance (engelsk: «Styrke og uthald») | 102 km² (39.4 sq mi) |
12,800 | The Valley |
![]() |
![]() |
Bermuda | Atlanterhavet | Quo fata ferunt (latin: «Om skjebnen tek vare på [oss]») | 53,3 km² | 64 482 | Hamilton |
![]() |
![]() |
Britisk Antarktis | Antarktis | Research and discovery (engelsk: «Forsking og oppdaging») | 1,709,400 km² | 200 (mannskap) | Rothera forskningsstasjon (hovudbase) |
![]() |
Det britiske territoriet i Indiahavet | Indiahavet | In tutela nostra Limuria (latin: «Limuria er vårt ansvar») | 60 km² | 3 200 militære og anna mannskap | Diego Garcia (base) | |
![]() |
![]() |
Dei britiske jomfruøyane | Karibia | Vigilate (latin: «Ver på vakt») | 153 km² | 21 730 | Road Town |
![]() |
Caymanøyane | Karibia | He hath founded it upon the seas (engelsk: «Han har grunnlagt det på hava») | 260 km² | 46 600 | George Town | |
![]() |
![]() |
Falklandsøyane | Sør-Atlanteren | Desire the right (engelsk: «Velg det riktige») | 12 173 km² | 2 967 | Stanley |
![]() |
![]() |
Gibraltar | Sør-Europa | Nulli expugnabilis hosti (latin: «Uovervinneleg for fiendar») | 6.5 km² | 27 776 | Gibraltar |
![]() |
![]() |
Montserrat | Karibia | Each Endeavouring, All Achieving (engelsk: «Kvar ein strebar, alle utretter») | 102 km² | 9 000 | Plymouth (forlaten på grunn av vulkan — de facto-hovudstad er Brades) |
![]() |
![]() |
Pitcairnøyane | Stillehavet | Ukjent (moglegvis Come, ye blessed då dette er namnet på nasjonalsongen (engelsk: «Kom, de signa») | 43 km² (alle øyene) |
67 | Adamstown |
![]() |
![]() |
Saint Helena, (Ascension, Tristan da Cunha) | Søratlanteren | Loyal and unshakeable (engelsk: «Lojal og urokkeleg») | 410 km² (alle øyane) |
6 563 | Jamestown |
![]() |
![]() |
Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | Søratlanteren | Leo terram propriam protegat (latin: «La løva verna om sitt eige land») | 3 903 km² | 11-26 (mannskap) | King Edward Point/Grytviken |
![]() |
![]() |
Dei suverene baseområda Akrotiri and Dhekelia | Middelhavet (på Kypros) | Dieu et mon droit (fransk: «Gud og min rett») | 254 km² | 15 000 (nesten halvparten er britisk mannskap og militære) | Episkopi Cantonment |
![]() |
Turks- og Caicosøyane | Karibia | One people, one nation, one destiny (engelsk: «Eitt folk, éin nasjon, éin skjebne») | 430 km² | 21 500 | Cockburn Town |
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen er omsett frå «Britisk oversjøisk territorium» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2012.