Britisk strukturalistisk fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei to fremste representantane for britisk strukturalistisk fonologi var Daniel Jones (1881–1967), som arbeidde ved University College London, og John Rupert Firth (1890–1960), som arbeidde ved University College London før han flytte over til School of Oriental and African Studies.

Daniel Jones[endre | endre wikiteksten]

Daniel Jones, som elles er særleg kjend for det grunnleggjande arbeidet sitt i fonetikken, som "far" til kardinalvokalane, innførde termen fonem i britisk lingvistikk. Han definerte fonemet som eit sett med allofonar, slik at til dømes det engelsk fonemet /t/ kan identifiserast med allofonane [t], [tʰ], [ʔ͡t], [tʷ], [tʰʷ] og [ʔ͡tʷ]. Allofonane til eit fonem var ikkje alle like viktige, og han skilde mellom hovudallofon og biallofonar. Teorien har i dag interesse for fonologisk teori innanfor rammene av kognitiv lingvistikk, der ein postulerer fonemet som ein prototypisk kategori. Hovudallofonen kan i stor grad identifiserast som ein prototypisk medlem av fonemet.

John Rupert Firth[endre | endre wikiteksten]

John Rupert Firths hovudbidrag til fonologien var prosodisk analyse (engelsk Prosodic Analysis). Han skilde mellom fonologiske einingar på to nivå - det paradigmatiske og det syntagmatiske. Dei fyrste var dei fonemiske einingane (segment) (engelsk phonematic units) og dei andre var prosodiane (engelsk prosodies), som nasalisering, runding og velarisering, som i mange språk strekkjer seg over fleire segment eller heile ord. Eit døme er vokalharmoni. Prosodisk analyse er ein klår forlaupar for autosegmental fonologi.