Britt Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Britt Johansen (fødd 1954) er ein norsk tidlegare handballspelar. Ho spelte 156 landskampar og skåra 140 mål for Noregs landslag frå debuten i august 1978 til november 1985. Johansen var aktiv i Sverresborg IF i tida 1973-88, eit lag ho vann tre cupmeisterskap og ein seriemeisterskap med.

Johansen var linjespelar. Gjennom ein periode på 15 år var ho ein sentral aktør då Sverresborg vann tre NM-finalar og ein seriemeisterskap i tida 1982-86. Seinhaustes 1982 deltok ho i Handball-VM 1982, ein meisterskap der Noreg vart nummer 7. Frå 1988 var Johansen aktiv i Nidelv IL på lågare nivå.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister: 1982, 1983, 1984 med Sverresborg IF
  • Seriemeister: 1986 med Sverresborg IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]