Britt Kjellesvik Rage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Britt Kjellesvik Rage

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1955 (69 år)
Tysnes kommune
Yrke skribent, tekstilkunstnar
Ektefelle Knut Rage

Britt Kjellesvik Rage (fødd 1955 på Tysnes i Sunnhordland) er ein norsk dokkemakar og tekstilkunstnar, mest kjend for sine dokker i autentiske folkedrakter frå Vestlandet eller mellomalder. Dokkene har fått brei omtale i ei rekkje aviser og tidsskrift, mellom anna i Norsk Husflid og i Danmark, Holland, Tyskland og USA. Ei dokke i tradisjonell Tysnesdrakt vart overrakt kongen og dronninga i gåve frå Tysnes kommune under kongebesøket i Hordaland 2009.

I år 2000 starta ho Dokkegalleriet i heimen sin på Tysnes i Sunnhordland, med verkstad og galleri. Her har det forutan produksjon av dokker, teaterdokker, leiker og historiske drakter også vore halde fleire utstillingar med forskjellige kunstnarar.

I 1986 publiserte Britt Kjellesvik Rage boka Folkedrakter i Sunnhordland - frå Tysnes på 1800-talet. Ho har bygd opp ein database over gamle draktplagg frå Tysnes, der over 500 plagg er registrert.

Britt Kjellesvik Rage er utdanna som ergoterapeut og har studert draktskikk og draktkultur ved Universitetet i Bergen og NTNU.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Husflid nr 4 2000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]