Britt Pernille Frøholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Britt Pernille Frøholm
Fødd1978
Verka sommusikar

Britt Pernille Frøholm (fødd 1978) er ein norsk folkemusikar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho er i dag busett i Oslo.

Frøholm er utdanna frå Ole Bull Akademiet (1998–2000), og ho har gått på Norges Musikkhøgskole i Oslo. Ho har ein mastergrad i tradisjonsmusikk frå Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland (2006). Frøholm spelar fele og hardingfele, og har folkemusikktradisjonen frå heimbygda Hornindal som grunnlag. Ho har mellom anna gått i lære hjå Arne M. Sølvberg, Finn Vabø og bestefaren Mathias Frøholm. I tillegg til solospel, er Britt Pernille Frøholm med i gruppene LuckyLoop, Friensemblet, Ensemble Epoché, Face the Bear, articaEclectica, Frøholm/Tillung, Talay&Knutsson Project/Nye Toner i Nord og Boreas.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Britt Pernille Frøholm/Irene Tillung: Eins (ta:lik 2009)
  • Friensemblet: Come Closer (Giraffa Records 2009)
  • LuckyLoop: Big, Fat and Beautiful (Grappa Musikkforlag 2008)
  • Britt Pernille Frøholm: For Allje Dei (ta:lik 2008)
  • Folkelarm promoplate diverse artistar (Etnisk Musikklubb 2008)
  • Christian Borlaug: Austmannsspel – slåtter under Norefjell (Etnisk Musikklubb 2008)
  • Ramstadlaget: I gamle spor (Lærdal Musikkproduksjon AS 2008)
  • Honndalstausene: Frie Former (Grappa Musikkforlag 2000)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]