Brittney Reese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brittney Reese


Statsborgarskap USA
Fødd 9. september 1986 (37 år)
Inglewood
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2008 – Lengdehopp damer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – Lengdehopp damer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – Lengdehopp kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Lengdehopp kvinner

Brittney Davon Reese (fødd 9. september 1986) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Inglewood som spesialiserte seg i lengdehopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2009, 2011, 2013 og 2017, og vart olympisk meister i 2012. I tillegg sanka ho to OL-sølv og tre gullmedaljar i VM innandørs.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Med ny personleg rekord på 7,10 m vann Reese lengdetevlinga under VM i friidrett 2009 i Berlin. Kort etter sigra ho i spesialøvinga også då IAAF-finalen fann stad i Thessaloníki, med eit bestehopp som målte 7,08 meter. I 2010 gjekk ho til topps i lengdehopp under innandørs-VM, og vann lengde samanlagt i IAAF Diamond League.

Sommaren 2011 forbetra Reese den personlege rekorden til 7,19 m i Eugene, og ho forsvarte VM-tittelen under friidretts-VM i Daegu i august månad. Ho vann ein suveren siger då ho forsvarte innandørs VM-tittelen i Istanbul i 2012 med eit hopp på 7,23 m. I 2012 vart Reese olympisk meister i lengdehopp under Sommar-OL 2012 i London. Vinnarhoppet målte 7,12 m. Sesongen etter tok Reese tredje rake VM-tittel utandørs då ho med 7,01 m viste nigerianske Blessing Okagbare, 6,99 m, til andreplass.

I 2016 hoppa Reese 7,22 m ved innandørs-VM i Portland, hennar tredje VM-triumf innandørs. Om sommaren presterte Reese livsbeste med eit hopp på 7,31 meter. Seks veker seinare hoppa ho 7,15 m i OL-finalen 2016, enda dermed på sølvplass etter landskvinna Tianna Bartoletta. Med eit bestehopp på 7,02 m vart Reese året etter verdsmeister i lengdehopp for fjerde gong.

Reese slutta som aktiv etter ho kneip sølvmedaljen i OL i Tokyo 2021, ho og Ese Brume frå Nigeria hoppa 6,97 m som best, men Reese hadde det beste nestlengste-hoppet.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]