Brividi
«Brividi» Song av Mahmood og Blanco | ||
Land | Italia | |
Språk | Italiensk | |
Utgjeve | 2. februar 2022 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 03:19 | |
Selskap | Island Records, Universal Music | |
Komponist | Mahmood, Blanco, Michelangelo | |
Låtskrivar(ar) | Alessandro Mahmoud, Riccardo Fabbriconi, Michele Zocca |
---|
«Brividi» (norsk omsetjing 'frysingar') er ein italiensk popballade frå 2022. Songen vert framført av songarane Mahmood og Blanco. Dei skreiv songen saman med musikkprodusenten Michele Zocca, kjend under kunstnernamnet «Michelangelo». Songen vann Sanremo-festivalen 2022 og var det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Brividi» vart gjeven ut av Island og Universal 2. februar 2022, i samband med deltakinga i Sanremo-festivalen, den største musikktevlinga i Italia. Songen er skriven av songarane Mahmood og Blanco saman med musikkprodusenten Michele «Michelangelo» Zocca. Songen vekte oppsikt sidan songen var den fyrste i historia til Sanremo-festivalen å ta opp homofil kjærleik.[1][2]
«Brividi» vart strøyma 3,3 millioner gongar det første døgnet etter utgjevinga, og sette strøymerekord for Spotify i Italia.[3] Låten gjekk også rett til topps på den italienske singellista etter berre tre dagar.[4] Laurdag 5. februar vann songen Sanremo-festivalen og vart med det det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino.[5] Songen har italiensk tekst.[6][7] I finalen av Eurovision Song Contest enda «Brividi» på sjetteplass, det beste resultatet for ein vertsnasjon sidan 2016.
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]Musikkvideoen til «Brividi» er regissert av Attilio Cusani og vart spela inn i Amsterdam.[8] Videoen vart gjeven ut 2. februar 2022 via YouTube-kanalen til Mahmood.[9]
Opphavspersonar
[endre | endre wikiteksten]- Michele Zocca («Michelangelo») – produsent, komponist
- Mahmood – utøvar, komponist, tekstforfattar, vokal
- Blanco – utøvar, komponist tekstforfattar, vokal
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2022) | Høgaste plassering |
---|---|
Euro Digital Songs (Billboard)[11] | 1 |
Global 200 (Billboard)[12] | 15 |
Island (Tónlistinn)[13] | 21 |
Israel (Media Forest)[14] | 4 |
Italia (FIMI)[15] | 1 |
Kroatia (HRT)[16] | 21 |
Litauen (AGATA)[17] | 3 |
Luxembourg Songs (Billboard)[18] | 11 |
Nederland (Single Tip)[19] | 24 |
San Marino (Radio San Marino RTV) | 2 |
Spania (PROMUSICAE)[20] | 95 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[21] | 1 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Digital, Redazione (2. februar 2022). «Se gli amori (gay o etero) hanno pari dignità, a Sanremo». Corriere della Sera (på italiensk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood e Blanco, i gemelli diversi di Sanremo 2022 | Rolling Stone Italia» (på italiensk). 30. januar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood e Blanco conquistano Spotify, «Brividi» nella top 5 globale». www.ilmessaggero.it (på italiensk). 3. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Classifiche - FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood & Blanco win 'Festival di Sanremo' and will represent Italy 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Confirmed! Mahmood & Blanco will represent Italy at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «È ufficiale: saranno Mahmood & Blanco a rappresentare l'Italia all'Eurovision 2022» (på italiensk). Eurofestival News. 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ Musillo, Di Alessia (2. februar 2022). «Il video di Brividi di Mahmood e Blanco è una pedalata di cristallo per le periferie di Amsterdam». ELLE Decor (på italiensk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood, BLANCO - Brividi (Sanremo 2022)». Mahmood/YouTube. 2. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Credits / Brividi / Blanco Mahmood». listen.tidal.com (på engelsk). Tidal. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood – chart history (Euro Digital Songs)». Billboard (på engelsk). Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Mahmood». Billboard (på engelsk). Henta 16. mars 2022.
- ↑ «Plötutíðindi». Plötutíðindi (på engelsk). Arkivert frå originalen 16. mai 2022. Henta 19. mai 2022.
- ↑ «Media Forest Uke 11, 2022». Israeli Airplay Chart. Media Forest. Henta 15. mars 2022.[daud lenkje]
- ↑ «Classifica settimanale WK 5 (dal 28.01.2022 al 03.02.2022)». www.fimi.it (på italiensk). FIMI. Henta 6. februar 2022.
- ↑ «Adele se vratila na prvo mjesto Airplay Radio Charta». Hrvatska radiotelevizija. Henta 16. mars 2022.
- ↑ «2022 6-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 11. februar 2022. Henta 11. februar 2022.
- ↑ Cusson, Michael (15. februar 2022). «Luxembourg Songs». Billboard (på engelsk). Henta 16. mars 2022.
- ↑ «Dutch Charts - dutchcharts.nl». dutchcharts.nl. Henta 16. mars 2022.
- ↑ Música, El portal de. «Brividi - Mahmood & BLANCO | EPDM» (på engelsk). Henta 16. mars 2022.
- ↑ «Mahmood & Blanco – Brividi». Schweizer Hitparade. 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Brividi» frå Wikipedia på bokmål, den 6. desember 2022.