BroBizz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
BroBizz
SelskapsformAksjeselskap
Skipa1. november 2008
MorselskapSund & Bælt Holding
LandDanmark
HovudkontorKøbenhavn
Nettstadbrobizz.dk
Bomstasjon på Øresundbrua (BroBizz i grøne filer)

BroBizz er eit dansk system for elektronisk betaling i automatiske betalingsanlegg. BroBizz vart stifta i 2008 og vert utvikla og administrert av BroBizz A/S, eit heileigd dotterselskap av Sund & Bælt Holding A/S.[1]

Ein BroBizz er ei trådlaus bombrikke som sikrar at ein kjem kjapt gjennom automatiske betalingsanlegg.[2] BroBizz kan brukast på Storebæltsambandet og Øresundbrua, på fleire ferjeruter og bomvegar, og dessutan til parkering på Billund- og Kastrup Lufthamn. Sund & Bælt er med i fellesføretaket (joint venture) EasyGo. Gjennom EasyGo-samarbeidet kan BroBizz brukast på automatiske betalingsanlegg i Skandinavia.[3] Norske AutoPASS er òg med i dette samarbeidet, og BroBizz-brikker kan dermed brukast i norske bomstasjoner.[4]

BroBizz A/S er det første skandinaviske selskapet som er registrert som EETS (European Electronic Toll Service)-utstedar. EETS-direktivet har som mål at ei elektronisk brikke, som til dømes ein BroBizz, skal kunna brukast for betaling på alle avgiftsbelagde vegar i EU.[5]

PayByPlate[endre | endre wikiteksten]

Den 21. mars 2018 innfører BroBizz A/S automatisk skiltattkjenning, og det vert mogleg å nytta registreringsskiltet til identifisering. Med PayByPlate får ein tilgjenge til dei same fordelane som med ei BroBizz-brikke. I første omgang kan produktet utelukkande brukast på Storebæltbrua.

PayByPlate vert tilbydd danskregistrerte bilar under 3500 kg med vanlege registreringsskilt.[6]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. mbe (15. januar 2015). «Om BroBizz A/S». BroBizz® (dansk). Henta 17. februar 2018. 
  2. mbm (15. januar 2015). «BroBizz® er sikker betaling». BroBizz® (dansk). Henta 17. februar 2018. 
  3. lbo (15. januar 2015). «BroBizz® giver dig mange fordele». BroBizz® (dansk). Henta 17. februar 2018. 
  4. «EasyGo - AutoPASS». www.autopass.no (norsk). (no). www.autopass.no.
  5. Thomsen, Lene Gebauer (22. september 2016). «BroBizz kvalitetsstämplas för användning i resten av Europa». BroBizz® (svensk). Henta 17. februar 2018. 
  6. vvb (15. november 2017). «Velkommen til PayByPlate». BroBizz® (dansk). Henta 5. mars 2018.