Broadway i Kochi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Broadway (Ernakulam))
Hopp til navigering Hopp til søk
Broadway ved Immanuel Church

Broadway er ei handlegate i Kochi (Ernakulam) i den indiske delstaten Kerala. Ho var den einaste handlegata i byen tidleg på 1900-talet. Namnet kjem truleg av at ho var den fyrste som blei laga ved makadamisering i området.

På Broadway kan ein handla ei rekkje varer, frå gamle kopar-kar til bøker, klede, smykke, parfyme og krydder.[1][2]

Ved gata og i ein radius på 2 km rundt henne finst det rundt 1 000 ulike butikkar. På arbeidsdagar kan opptil 20 000 menneske vitja området.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]