Broken China

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Broken China
Studioalbum av Richard Wright
Utgjeve 26. november 1996 (Storbritannia)
25. mars 1997 (USA)
Innspelt Studio Harmonie i Frankrike; Whitfield Street Studios i London; RAK Studios og The Astoria[1]
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock, ambient
Lengd 59:34
Selskap EMI (Storbritannia)
Guardian Records (USA)
Produsent Richard Wright
Anthony Moore
Laurie Latham (co-produsent)
Richard Wright-kronologi 
Identity
(1984)
Broken China


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[2]

Broken China er eit soloalbum av klaverspelaren i Pink Floyd, Richard Wright.[3] Det kom ut i 1996 og var det andre og siste soloalbumet hans.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Albumet er eit firedelt konseptalbum som dokumenterer den dåverande kampen til den dåverande kona til Wright, Mildred, mot depresjon,[4] og det er må mange måtar som eit klassisk konseptalbum av Pink Floyd i struktur og kjensle. Sinéad O'Connor syng på to av songane, «Reaching for the Rail» og «Breakthrough», medan Wright syng dei andre songane. Albumet vart spelt inn i det personlege studioet til Wright i Frankrike. Broken China var det andre soloalbumet til Wright, etter Wet Dream i 1978, og det siste før han døydde i september 2008.

Wright spurte Pink Floyd-medlem David Gilmour om han kunne spele på albumet, og Gilmour gjekk med på å spele på ein song. Tilnærminga til songen vart derimot endra seinare, så Gilmour er ikkje med på det endelege albumet.

På DVDen David Gilmour in Concert gjestar Wright på vokal på songen «Breakthrough» i lag med David Gilmour og bandet hans.

Plateomslaget vart laga av den faste designeren til Pink Floyd, Storm Thorgerson og Peter Curzon.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Breaking Water»Richard Wright, Anthony Moore2:28
2.«Night of a Thousand Furry Toys»Wright, Moore4:22
3.«Hidden Fear»Wright, Gerry Gordon3:28
4.«Runaway»Moore4:00
5.«Unfair Ground»Wright2:21
6.«Satellite»Wright4:06
7.«Woman of Custom»Moore3:44
8.«Interlude»Wright1:16
9.«Black Cloud»Wright3:19
10.«Far from the Harbour Wall»Wright, Moore6:19
11.«Drowning»Wright1:38
12.«Reaching for the Rail»Wright, Moore6:30
13.«Blue Room in Venice»Wright, Gordon2:47
14.«Sweet July»Wright4:13
15.«Along the Shoreline»Wright, Moore4:36
16.«Breakthrough»Wright, Moore4:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]