Hopp til innhald

Brom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Selen Brom Krypton

Basisdata
Namnbrom
SymbolBr
Atomnummer35
UtsjånadRaudbrunt, flytande
Plass i periodesystemet
Gruppe17
Periode4
Blokkp
Kjemisk serieHalogen
Atomeigenskapar
Atomvekt79,904 u
Kalkulert atomradius115 (94) pm
Elektronkonfigurasjon[Ar]
KrystallstrukturOrtorombisk
Fysiske eigenskapar
StofftilstandVæske
Smeltepunkt−7,4 °C, 265,8 K
Kokepunkt59 °C, 332 K
Molart volum19,78 cm³/mol
Tettleik3119 kg/m³
Hardleikn.a. kg/m³
Fordampningsvarme15,438 kJ/mol
Smeltevarme5,286 kJ/mol
Damptrykk5800 Pa
Lydfart206 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
3
Elektrisk leiingsevne1,3·10−16 MS/m
Termisk konduktivitet0,122 W/(m·K)
Ioniseringspotensial 1 140 kJ/mol
 2 103 kJ/mol
 3 470 kJ/mol
 4 560 kJ/mol
 5 760 kJ/mol
 8 550 kJ/mol
 9 940 kJ/mol
18 600 kJ/mol

Brom er eit ikkje-metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Br og atomnummer 35. Det er eit halogen og ligg i gruppe 17 i periodesystemet.

Eigenskapar

[endre | endre wikiteksten]

Brom er ei raudbrun, sterkt luktande væske. Det er det eine av to grunnstoff som er flytande ved romtemperatur. (Det andre er kvikksølv).

Bromdamp er giftig å pusta inn. Flytande brom er svært etsande på hud, og bromsår vil nærmast ikkje gro utan hudtransplantasjon.

Førekomst

[endre | endre wikiteksten]

Grunnstoffet brom føreligg ikkje fritt i naturen, men kan framstillast frå uorganiske bromsalt som finst i visse mineral og i sjøvatn (ca. 0,01% i havet, ca. 0,5% i Daudehavet).

Sambindingar og bruk

[endre | endre wikiteksten]

Brom blir brukt i produksjon av mange ulike bromsambindingar, t.d. fargestoff og medisinar.

Brom dannar fleire uorganiske syrer i sambinding med hydrogen og oksygen. Desse syrene er bromsyre (HBrO3), bromsyrling (HBrO2), underbromsyrling (HBrO), og hydrogrenbromid (HBr). Salta av desse syrene kallast bromat, bromitt, hypobromitt og bromid. Eit døme på naturlege bromsalt er natriumbromid (NaBr). Kunstige bromsalt, t.d. sølvbromid (AgBr), blir brukt i framkalling av fotografi.

Av kunstig framstilte organiske bromsambindingar kan nemnast 1,2-dibrometan (BrH2C-CH2Br), som tidlegare vart brukt for å justera oktantalet i blybensin, og halonar som halon 1301 (bromtrifluormetan, CF3Br) og halon 1211 (bromklordifluormetan, CF2BrCl), som blir brukte til brannslukking.

Biologisk rolle

[endre | endre wikiteksten]

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]