Brooke Scullion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brooke Scullion

Fødd31. mars 1999 (24 år)
FødestadBellaghy
AliasBrooke
OpphavIrland
Aktiv2019–
Sjangerpop
Verka somsongar, låtskrivar

Brooke Scullion (fødd 31. mars 1999) er ein nordirsk songar og låtskrivar som opptrer under fornamnet Brooke. Ho enda på tredjeplass i den niande sesongen av The Voice UK og ho representerte Irland i Eurovision Song Contest 2022 med songen «That’s Rich».[1][2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Scullion vart fødd i 1999 i Londonderry i Nord-Irland og vaks opp i den lille tettstaden Bellaghy i grevskapet Londonderry i Nord-Irland.[4]

Musikkarriere[endre | endre wikiteksten]

2020: The Voice UK[endre | endre wikiteksten]

I 2020 vart Scullion plukka ut til å delta i den niande sesongen av The Voice UK, den britiske versjonen av talentshowet The Voice. Under blind-prøvesynginga framførte ho «Bruises» av Lewis Capaldi. Alle fire dommarane snudde seg, og Scullion valde artisten Meghan Trainor som mentor. Under duellrundane vann ho over konkurrenten Jordan Philips og gjekk vidare til utslagsrundane.[5] Der gjekk ho vidare til finalen og enda til slutt på en tredjeplass.[6] I etterkant av The Voice UK trekte BBC fram Scullion som ein artist «å følgje med på» innan britisk pop.[1]

2022: Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2022 vart Scullion kunngjort som ein av seks finalistar til den irske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest 2022.[7] Finalen, Late Late Show Eurosong 2022 Special, vart arrangert i Dublin fredag 4. februar 2022. Der deltok ho med poplåten «That’s Rich», som ho har skrive saman med Karl Zine og Izzy Warner.[2] Ho fortalte sjølv at ho henta inspirasjon til låten frå banda Gossip og Blondie, og ho skreiv låten mens ho las sjølvbiografien til Debbie Harry.[1][2]

Scullion vant den irske finalen med 28 poeng – både tv-sjåarane og den internasjonale juryen hadde ho som favoritt, mens studiojuryen gav Scullion 4 av 12 poeng.[8][9] Som vinnar av tevlinga fekk ho representere Irland i Eurovision Song Contest i Torino i mai 2022.[9] Scullion deltok i den andre semifinalen torsdag 12. mai, men vart berre nummer 15 av 18 og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[10][11]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2020 – «Attention»
  • 2022 – «That’s Rich»
  • 2022 – «Tongues»
  • 2022 – «Heartbreaker»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Brooke wins 'Eurosong' and will represent Ireland at Eurovision 🇮🇪». Eurovision.tv (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Brooke Scullion to represent Ireland in Eurovision». RTÉ. 5. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  3. «Edgy 21-Year-Old Has The Judges In Awe During Soulful Audition For 'The Voice UK'». Talent Recap (på engelsk). 28. november 2020. Henta 5. februar 2022. 
  4. «Brooke Scullion to represent Ireland at Eurovision». www.northernirelandworld.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 5. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  5. «Brooke Scullion’s Journey to the Final». ITV (på engelsk). Henta 5. februar 2022. 
  6. «Ireland: Interview with Brooke Scullion | The Voice UK, Meghan Trainor and her competing at the first Irish national final in years! (Video)». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). 30. januar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  7. «Brooke Scullion on That's Rich: "When was the last time you heard an Irish Eurovision entry sound like this?"». www.officialcharts.com (på engelsk). Henta 5. februar 2022. 
  8. «Ireland: What to expect from 'The Late Late Show' 🇮🇪». Eurovision.tv (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  9. 9,0 9,1 «Eurosong: Brooke Scullion will sing "That's Rich" for Ireland at Eurovision 2022». wiwibloggs (på engelsk). 4. februar 2022. Henta 5. februar 2022. 
  10. «Second Semi-Final of Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022. 
  11. «Brooke - Ireland - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.