Brosvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brosvik
Foto: Bjarne Thune
Brosvik
Foto: Bjarne Thune
Brosvik
Foto: Bjarne Thune

Brosvik er ein stad som ligg i Gulen kommune i Sogn og Fjordane nær Rutledal. Brosvik ligg 10 mil frå Bergen og 10 mil frå Førde. Det har vore busetjing i området sidan jernalderen.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Namnet uttalast brå´ssvikja og er truleg ikkje brukt til gardsnamn andre stader i Noreg. I 1567 vart det skrive Brodzug, i 1603 Brossvig, i 1667, Brassvig og i 1723, Brosvig. Namnet kjem truleg av Brotsvik: bakkebrot eller bratt skråning.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I Grimhidlane vart det funne oske, kol og bein, så helleren har truleg vore bustad i gammal tid. På Brossviksåta vart det i 1928 funne ein eldstein av kvartsitt.[1]

Brosvik fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1937. Vegen til Rutledal vart opna i 1961, og til Vatne og Sygnefest i 1968.[2]

Garden Brosvik[endre | endre wikiteksten]

Garden Brosvik ligg på fastlandet like ved ei lita bukt vest for Rutledal. Før i tida høyrde det stølar til garden, men setervegen var for lang, så stølsdrifta vart nedlagd. Matrikkelen frå 1723 fortel at brukarane heitte Knut og Anders, at garden låg ved sjøen sju mil frå Bergen, at han hadde vedskog og furuskog til husbruk. Heimejorda vart utskift i 1920 og utmarka i 1990.[3]

Det er vorte skilt ut ei rekkje underbruk, mellom andre Utgjære i 1864, Smådalen midt på 1800-talet og Fjellet omtrent på same tid. Fleire av desse plassane har først vore husmannsplassar.[4]

Trude Brosvik og Halvor Langeseth tok over bruket i 1984.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 95
  2. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 95
  3. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 95
  4. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 107
  5. Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid side 100

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kleiva, Ivar; Gulen i Gammal og ny tid, Gulen Kommune 1996,

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]