Brother Sun, Sister Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brother Sun, Sister Moon
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 2004
Innspelt 2004
Sjanger Folkemusikk
Lengd 28:16
Selskap Donovan Discs
Donovan-kronologi 
Sixty Four
(2004)
Brother Sun, Sister Moon Beat Cafe
(2004)


Brother Sun, Sister Moon er det 22. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Brother Sun, Sister Moon vart gjeven ut eksklusivt på iTunes Music Store i 2004.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1970-åra gjekk Donovan med på å skrive og spele inn songar for den engelske versjonen av Franco Zeffirelli sin Brother Sun, Sister Moon (1972). Fleire av innspelingane til Donovan var med i filmen, men det påfølgjande filmmusikkalbumet hadde ingen. Fråværet av desse songane gjorde at mange Donovan-tilhengjarar kravde ei offisiell utgjeving av songane.

Dononvan prøvde derfor å få rettane til dei originale innspelingane, men dette viste seg å vere særs vanskeleg. Donovan valde derfor å spele inn nye versjonar av dei originale songane og gje dei ut eksklusivt på iTunes Music Store.

For nyinnspelingane valde Donovan å ikkje gjenskape orkesteret og korvokalen på dei originale utgåvene. I staden for spelar han gitar og syng solo, på liknande vis som på Sutras.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Donovan Leitch.

Nr.TittelLengd
1.«The Little Church»3:26
2.«The Lovely Day»2:20
3.«Lullaby»2:31
4.«Brother Sun, Sister Moon»2:02
5.«A Soldier's Dream»3:03
6.«Shape in the Sky»2:35
7.«Gentle Heart»3:52
8.«The Year Is Awakening»3:15
9.«Island of Circles»2:56
10.«The Lovely Day (Instrumental)»2:16

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]