Brother Where You Bound

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brother Where You Bound
Studioalbum av Supertramp
Språk engelsk
Utgjeve 25. mai 1985
Innspelt 1984–1985
Studio Ocean Way, Hollywood i California og The Backyard Studio i Encino i California
Sjanger Progressiv rock, poprock, bluesrock
Lengd 42:44
Selskap A&M
Produsent David Kershenbaum, Supertramp
Supertramp-kronologi 
…Famous Last Words…
(1982)
Brother Where You Bound The Autobiography of Supertramp
(1986)


Singlar frå Brother Where You Bound
  1. «Cannonball»
    Utgjeve: 1985

Brother Where You Bound er det åttande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, utgjeve i 1985. Det var det første albumet deira etter det originale medlemmet Roger Hodgson slutta i bandet, og Rick Davies måtte ta over all låtskrivinga og synginga sjølv. Albumet inneheld topp 30-hitten «Cannonball».

Brother Where You Bound nådde 20. plassen på UK Albums Chart[1] og 21. plassen på The «Billboard 200 i 1985,[2] og selte til gullplate i 1985.

Songar[endre | endre wikiteksten]

Songen «Better Days» inneheld ein lengre uttoning med stemmer av dei fire nøkkelpersonane i den amerikanske presidentvalkampen i 1984 med sitat av Geraldine Ferraro og Walter Mondale i venstre lydkanal og George H.W. Bush og Ronald Reagan i den høgre, blanda med saksofonsoloen til John Helliwell.

Det 16 minuttar lange tittelsporet vart framført med Scott Gorham frå Thin Lizzy på rytmegitar og David Gilmour frå Pink Floyd på gitarsolo. Delar av teksten kom frå George Orwell-romanen Nineteen Eighty-Four. Ein demo for songen spelt inn før Roger Hodgson slutta i bandet,[3] for å kanskje vere med på albumet …Famous Last Words…, men bandet kom fram til at han vart for progressiv til å passe inn på resten av albumet, og spelte han ikkje inn den gongen.[4] Då demoversjonen vart spelt inn var songen berre ti minuttar lang.[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

For å byggje interesse kring utgjevinga, vart albumet spelt for eit dusin journalistar invitert med på Orientekspressen frå Paris til Venezia, der dei òg fekk sjå ein full video for «Brother Where You Bound».[5] Gruppa hadde fram til no ofte halde ein låg profeil, men gjorde no mange intervju på radio og TV, mellom anna ei sending av «Brother Where You Bound» på MTV og Global Satellite Network samstundes.[6]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[7]

Meldinga til AllMusic var positiv, men skreiv at den tematiske utforskinga av spaninga kring den kalde krigen var «datert og har ikkje eldast godt, men musikken her er ein glede». Dei trekte særskild fram den «krystallklåre lyden», den sterke framføringa av gjestemusikarane, og dei komplekse komposisjonane. Dei hylla òg bandet for å ha nok guts til å «gå attende til dei progressive rockerøtene» og samstundes forbetre poplåtskrivinga.[7]

Prog Sphere skreiv «Brother Where You Bound er eit perfekt døme på ei kryssing av prog og pop på sitt beste, og er såleis sterkt tilråda til alle som er fan av prog, men som syns «pop» er eit dårleg ord.»[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Rick Davies.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Cannonball»7:38
2.«Still in Love»4:36
3.«No Inbetween»4:36
4.«Better Days»6:15
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Brother Where You Bound»16:30
2.«Ever Open Door»3:06

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Produsentar: David Kershenbaum, Supertramp
  • Lydteknikar: Norman Hall
  • Assistant lydteknikar: Steve Crimmel
  • Miksing: Mark Ettel
  • Mikseassistent: Steve McMillan
  • Mastering: Bob Ludwig
  • Ommastring: Greg Calbi, Jay Messina
  • Sporlydteknikar: Allen Sides
  • Kunstnarisk leiar: Norman Moore
  • Design: Norman Moore
  • Foto: Tom Gibson

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singelliste – «Billboard (USA)[9]

År Singel Liste Plassering
1985 «Cannonball» Hot Dance Music/Club Play 9
Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales 25
Mainstream Rock spor 4
Billboard Hot 100 28

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
Australske Kent Music Report[10] 22
Den austerrikske albumlista[11] 13
Kanadiske RPM-lista[12] 11
Den nederlandske albumlista[13] 4
Den franske SNEP-lista[14] 3
Den italienske albumlista[15] 19
Den newzealandske albumlista[16] 17
Noreg - VG-lista[17] 6
Den spanske albumlista[18] 3
Den svenske albumlista[19] 7
Den sveitsiske albumlista[20] 2
UK Albums Chart[21] 20
US Billboard 200[22] 21
Den vesttyske Media Control-lista[23] 4

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Den kanadiske albumlista[24] 56
Den franske albumlista[25] 18
Den italienske albumlista[15] 90
Den sveitsiske albumlista[26] 15

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[27] Platina 100 000^
Frankrike (SNEP)[28] Gull 263,600[29]
Tyskland (BVMI)[30] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[31] Gull 50 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Supertramp in the UK Charts Arkivert 17. februar 2011 ved Wayback Machine., The Official Charts. Henta 17. juni 2020.
  2. Brother Where You Bound chart history, Billboard.com. Henta 17. juni 2020.
  3. Van Kooten, Jerry (3. desember 2005). Giving a Little Bit: A Conversation With Roger Hodgson, Dutch Progressive Rock Page.
  4. 4,0 4,1 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 167–175. ISBN 0-9691272-2-7. 
  5. http://www.progarchives.com/Review.asp?id=111688
  6. «Billboard». 11. mai 1985. 
  7. 7,0 7,1 Brother Where You BoundAllmusic
  8. http://www.prog-sphere.com/2012/06/06/supertrampspecial/
  9. «Cannonball» chart history, Billboard.com. Henta 17. juni 2020.
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. «Supertramp – «Brother Where You Bound – austriancharts.at» (ASP). Henta 16. juni 2020. 
  12. «Top Albums/CDs - Volume 42, No. 19». RPM. 20. juli 1985. Arkivert frå originalen (PHP) 2. april 2015. Henta 14. juni 2020. 
  13. «dutchcharts.nl Supertramp – «Brother Where You Bound» (ASP). Hung Medien (på nederlandsk). MegaCharts. Henta 14. juni 2020. 
  14. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen 6. mai 2013. Henta 14. juni 2020. Note: user must select 'Supertramp' from drop-down.
  15. 15,0 15,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1985» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 16. juni 2020. 
  16. «charts.nz Supertramp – «Brother Where You Bound» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Henta 14. juni 2020. 
  17. «norwegiancharts.com Supertramp – «Brother Where You Bound» (ASP). Henta 14. juni 2020. 
  18. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  19. «swedishcharts.com Supertramp – «Brother Where You Bound» (ASP). Sverigetopplistan. Henta 14. juni 2020. 
  20. «Supertramp – «Brother Where You Bound – hitparade.ch» (ASP). Henta 10. oktober 2013. 
  21. «Supertramp > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. Henta 14. juni 2020. 
  22. «allmusic ((( «Brother Where You Bound > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. Henta 14. juni 2020. 
  23. «Album Search: Supertramp – «Brother Where You Bound» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 14. juni 2020. 
  24. «RPM Top 100 Albums of 1985». RPM. 28. desember 1985. Arkivert frå originalen 16. januar 2014. Henta 17. juni 2020. 
  25. «Les Albums (CD) de 1985 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 27. oktober 2012. Henta 1. februar 2014. 
  26. «Hitparade.ch - Schweizer Jahreshitparade 1985». Swiss Music Charts. Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 5. november 2013. Henta 1. januar 2014. 
  27. «Canadian album salstrofé – Supertramp – Brother Where You Bound». Music Canada. Henta 11. juni 2020. 
  28. «French album salstrofé – Supertramp – Brother Where You Bound» (på fransk). InfoDisc. Henta 11. juni 2020.  Select SUPERTRAMP and click OK
  29. «Les Albums Or». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 28. januar 2015. Henta 11. juni 2020. 
  30. «Gold-/Platin-Datenbank (Supertramp; 'Brother Where You Bound')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 11. juni 2020. 
  31. «Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano: Certificados 1979–1990». Solo Exitos 1959–2002 Ano A Ano.