Brothers and Sisters

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brothers and Sisters
Studioalbum av The Allman Brothers Band
Utgjeve August 1973
Innspelt Oktober-desember 1972
Capricorn Sound Studios
(Macon)
Sjanger
Lengd 38:21
Selskap Capricorn
Produsent Johnny Sandlin, The Allman Brothers Band
The Allman Brothers Band-kronologi
Beginnings
(1973)
Brothers and Sisters Win, Lose or Draw
(1975)


Singlar frå Brothers and Sisters
  1. «Ramblin' Man» / «Pony Boy»
    Utgjeve: August 1973
  2. «Jessica» / «Come and Go Blues»
    Utgjeve: December 1973
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Creem(A−)[2]

Brothers and Sisters er det fjerde studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Allman Brothers Band. Det vart produsert av Johnny Sandlin i lag med det bandet og kom ut i august 1973 i USA på Capricorn Records. Etter at leiaren for gruppa, Duane Allman, omkom i 1971, hadde The Allman Brothers Band gjeve ut Eat a Peach (1972), ei blanding av studio- og konsertopptak som vart det mest populære albumet deira til då. Etter dette kjøpte gruppa ein gard i Juliette i Georgia, der gruppa pleidde «å henge». Bassisten Berry Oakley sleit meir enn dei andre i bandet etter Duane døydde. Han drakk store mengder alkohol og tok mykje dop. Etter nesten eitt år med alvorleg depresjon, omkom Oakley i ei motorsykkelulukke i november 1972, berre tre kvartal frå staden der venen hadde døydd året før. Dette vart derfor det siste albumet til Oakley.

Bandet fortsette og henta inn Chuck Leavellpiano og Lamar Williamsbass. Brothers and Sisters vart stort sett spelt inn over ein periode på tre månader i Capricorn Sound Studios i Macon i Georgia. Sologitaristen Dickey Betts tok over rolla som leiaren i bandet, og mange av songane hans hadde ein meir country-inspirert til. Studiogitaristane Les Dudek og Tommy Talton var med på fleire songar. Albumet vart produsert samstundes med at vokalisten og organisten Gregg Allman spelte inn det første soloalbumet sitt, Laid Back, og består av mange av dei same musikarane og lydteknikarane.

Plateomslaget syner eit fotografi teken av Vaylor Trucks, sonen til trommeslagaren Butch Trucks og kona Linda. På baksida kan ein sjå eit bilete av Brittany Oakley, dottera til Berry Oakley og kona Linda.

Albumet vart det kommersielle høgdepunktet til The Allmans, og har seld over sju millionar eksemplar verda over. Det gjekk heilt til topps på Top 200 Pop Albums, der det låg i fem veker. «Ramblin' Man» vart den første og einaste hitsingelen til bandet, og han nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i 1973. Albumet vart etterfølgd av ein turné på arenaer og stadion, men vart prega av dopmisbruk, uvenskap og dårleg kommunikasjon mellom gruppemedlemmane.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelPersonell Lengd
1. «Wasted Words»   4:20
2. «Ramblin' Man»   4:48
3. «Come and Go Blues»   4:54
4. «Jelly Jelly»   5:46
Side to
# TittelPersonell Lengd
5. «Southbound»   5:11
6. «Jessica»   7:31
7. «Pony Boy»   5:51

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

All info frå plateosmlaget.[4]

The Allman Brothers Band

Andre medverkande
  • Les Dudek – sologitar på «Ramblin' Man», akustisk gitar på «Jessica»
  • Tommy Talton - akustisk gitar på «Pony Boy»
Produksjon
  • Johnny Sandlin – produent, lydteknikar, remiksing
  • Ovie Sparks – lydteknikar, remiks
  • Buddy Thornton – lydteknikar
  • George Marino – lydmastering
  • Judi Reeve – grafisk innhald
  • Dan Hudson jr. – fotografi
  • Bo Meriwether – fotografi
  • Barry Feinstein – layout, design
  • Vicki Hodgett – layout, design

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973) Plassering
Nederlandske album (MegaCharts)[5] 10
Billboard Top LP's & Tape 1
Liste (2013) Plassering
Tyske album (Media Control)[6] 52

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[7] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce Eder. «Review: Brothers and Sisters». Allmusic. Henta 9. september 2018. 
  2. Christgau, Robert (November 1973). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 9. september 2018. 
  3. «The Allman Brothers Band – Brothers And Sisters». Discogs. Henta 9. september 2018. 
  4. Brothers and Sisters (liner notes). The Allman Brothers Band. US: Capricorn. 1973. CP 0111. 
  5. "Allman Brothers – Brothers and Sisters". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 30. juli 2013.
  6. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 30. juli 2013.
  7. «American album salstrofé – Allman Brothers – Brothers and Sisters». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH