Brottsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brottsnipe
Brottsnipe i Half Moon Bay, California Foto: DickDaniels
Brottsnipe i Half Moon Bay, California
Foto: DickDaniels
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av brottsnipe
Utbreiinga av brottsnipe
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Brottsnipe C. virgata
Vitskapleg namn
Calidris virgata

Brottsnipe (Calidris virgata) er ein liten tettvaksen vadefugl i snipefamilien som hekkar i Alaska og nordlege Yukon og overvintrar langs stillehavskysten frå sørlege Alaska og ned til Magellansundet.

Ho var tidlegare klassifisert i si eige biologiske slekt, og var dessutan ei tid sett på som nærskyldt til steinvendar, men nyare data tyder på ho er genetisk svært nær Calidris-snipene polarsnipe og sibirsnipe. Faktisk liknar sibirsnipa, men er større, har lengre nebb, og er noko mørkare enn brottsnipe. I dag er brottsnipa rekna som ei god Calidris-snipe.[note 1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brottsniper har ein litt plump kroppsfasong med kort nebb og korte, gule bein. Kroppslengda er omtrent som hos steinvendar, 23 til 26 centimeter, men brottsniper kan ha større masse, 133 til 251 gram. Hekkedrakta har eit stripete inntrykk, hovudet, halsen og nakke til rygg har kraftige mørkebrune strek på kvitt som går over i v-forma markeringar mot buk og på kroppssider. Undersida er elles kvit. Vengefjørene er brungule med svarte flekker. Ikkje-hekkedrakta er jamt brungrå, men buken og undergumpen er kvit med mørke flekker på sidene. Nebbet er mørkt med oransje basis på undernebbet. Kjønna er like.[1]

Føretrekt hekkehabitat er steina tundraområde i Alaska og Yukon. Hoa legg 4 egg i ein senking på bakken, fôra med vegetasjon. Begge foreldra ser etter ungane, som sjølv finn føda.

Desse fuglane trekker til stillehavskysten av Nord- og Sør-Amerika, frå det sørlege Alaska til Tierra del Fuego.

På hekkeområda et brottsnipa hovudsakleg insekt og noko frø. På andre tider av året tar dei blautdyr og krepsdyr funne langs strandlinje på steina kystar. Brottsiper beitar vanlegvis i små flokkar, opp mot 100 individ og ofte med steinvendarar.

Songen er ein plystrande, omtrent 'ti-ti-tit'.[1]

Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Van Gils, J., Wiersma, P. & Kirwan, G.M. (2016). Surfbird (Calidris virgata) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. september 2016
  2. BirdLife International (2016) Species factsheet: Calidris virgata. Henta frå http://www.birdlife.org den 14. september 2016
Notar
  1. Endring av slektsnamn for denne arten frå Aphriza til Calidris er iverksett i EBird/Clements Checklist og i Handbook of the Birds of the World Alive, begge tilgjengelege over internett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brottsnipe