Brow Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brow Head
nes
Brow Head - geograph.org.uk - 258536.jpg

Brow Head
51°26′52″ N 9°46′20″ W

Brow Head er eit nes i Irland som utgjer det sørlegaste punktet på det irske fastlandet. Neset ligg 3,8 km aust for Mizen Head som så vidt ligg lenger nord i County Cork.

Signaltårnet på Brow Head er ei rekkje av tårn bygd i 1804 for å åtvare mot ein fransk invasjon. Opphavleg vart det signalisert ved hjelp av eit system av flagg og svarte kuler på master. Brow Head eller Mallavogue vart eit gruveområde på 1800-talet. og restane etter gruvene og husa til gruvearbeidarane står framleis.[1]

I 1904 inngjekk Marconi’s Wireless Telegraph Co. Ltd. ein kontrakt med Commissioners of Irish Lights for å sette opp telegrafutstyr og antenner på Fastnet Rock. Telegrafstasjonen vart flytta til Brow Head der signaltårnet vart nytta til å kontakte passerande skip.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Mizen Peninsula - Brow Head». Cork Guide. Henta 15. september 2007. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]