Bruce A. Beutler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruce A. Beutler
Bruce Beutler - Nobel Prize 2011-Press Conference KI-DSC 7508.jpg
Fødd29. desember 1957
Chicago
NasjonalitetUSA
Områdeimmunologi
Yrkelege, genetikar, immunolog, professor, forskar
InstitusjonarScripps Research
Rockefeller University
Alma materUniversity of Chicago
University of California, San Diego
Pritzker School of Medicine
MedlemDeutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
National Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences

Bruce Alan Beutler (fødd 29. desember 1957), er ein USA-amerikansk lækjar og vinnar av nobelprisen i medisin for 2011.

Beutler er fødd i Chicago i Illinois, men har butt lenge i Sør-California. Han fekk doktorgrad i medisin i 1981 ved University of Chicago, 23 år gamal. Som lækjar er han mest kjend for å ha studert medfødt immunitet og såkalla Toll-like receptors, noko han også fekk nobelprisen for saman med Jules A. Hoffmann og den då avdøde Ralph M. Steinman. I tillegg til nobelprisen har Beutler fått ei lang rekkje andre prisar for arbeidet sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bruce A. Beutler