Bruce Botnick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruce Botnick
Fødd1945 (76 år)
FødestadLos Angeles i California
OpphavUSA
Verka somaudioingeniør, platebransjeleiar, musikkprodusent, komponist

Bruce Botnick (fødd i 1945) er ein USA-amerikansk lydteknikar og plateprodusent, mest kjend for arbeidet sitt med The Doors, The Beach Boys og Love.

Botnick var lydteknikar på dei to første albuma til Love, og medprodusent på det tredje, Forever Changes.[1] Han var lydteknikar på studioinnspelingane til The Doors. I 1970 tok han over produksjonen av albumet deira, L.A. Woman, det siste med songaren Jim Morrison.[2] Han var òg lydteknikar på minst to av albuma til Lonnie Mack seint i 1960-åra for Elektra.

Botnick har òg arbeidd som assisterande lydteknikar på The Rolling Stones-albumet Let It Bleed. Han produserte seinare dei to første albuma til Eddie Money, Eddie Money i 1977 og Life for the Taking i 1978. Botnick produsert to album for rockegruppa til Paul Collins, The Beat. Han var òg medprodusent på Kenny Loggins-albumet High Adventure i 1982.

Bruce Botnick har lenge samarbeidd med filmkomponisten Jerry Goldsmith og miksa musikk for filmane hans. Botnick møte først Goldsmith i 1979 for Star Trek: The Motion Picture og dei arbeidde på dei fleste filmprosjekta til Goldsmith etter dette, over hundre, frå 1980-åra og fram til Goldsmith døydde i 2004.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Love's «Forever Changes» Finally Gets Long Deserved First Class Vinyl Reissue». Analog Planet. 26. desember 2012. 
  2. staff, Goldmine (4. juni 2012). «Robby Krieger reopens the door to the ‘L.A. Woman’ sessions». Arkivert frå originalen 2. juni 2015.