Bruce Gaitsch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bruce Gaitsch
Fødd7. februar 1953 (66 år)
FødestadChicago
OpphavUSA
Aktiv1977 til i dag
SjangerRock, hardrock, pop, AOR
Instrumentgitar, vokal, klaverinstrument, sitar, dobro
Verka somMusikar, komponist, produsent

Bruce R. Gaitsch (fødd 7. februar 1953) er ein USA-amerikansk gitarist, komponist og produsent. Han er mest kjend for å ha arbeidd med kjende musikarar som Richard Marx, Chicago, Peter Cetera, Madonna, Agnetha Fältskog og mange andre som studiomusikar og låtskrivar. Gaitsch var medlåtskrivar på Madonna-songen «La Isla Bonita», ein singel som toppa singellistene i mange land.[1]

Han skreiv òg songar for Philip Bailey, Evelyn «Champagne» King, Timothy B. Schmit, Kansas, Poco, Stacey Q, Bill Champlin, Jennifer Rush, Kelly Keagy, Lionville og mange songar i lag med Richard Marx.

I 1995 gav han og Richard Marx ut singelen «Haunt Me Tonight». Gaitsch spelar i dag med Peter Cetera og har vore med på mange av soloalbuma hans. Han har òg arbeidd med Glenn Frey, The Fixx, Animotion, Curtis Mayfield, Pebbles, Tommy Denander, Guy Pratt, Tim Rice, Leland Sklar, Bobby Kimball, Siedah Garrett, Dave Koz, John Keane, Tommy Funderburk, Steve Lukather og Ilse DeLange.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1995 – A Lyre in a Windstorm
  • 1997 – Aphasia
  • 2002 – Nova
  • 2003 – One on One (med Janey Clewer)
  • 2003 – Countertale (med Tommy Denander)
  • 2006 – Nightingale
  • 2006 – Sincerely

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bruce Gaitsch Background». BruceGaitsch.com. 31. oktober 2015. Henta 31. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]