Brudavolltunet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brudavollen
stad
Brudavolltunet
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ørsta
Del av Stiftinga Viti
Postnummer 6150 ØRSTA
Gardnummer 21
Kart
Brudavolltunet
62°11′10″N 6°11′36″E / 62.18611111°N 6.19333333°E / 62.18611111; 6.19333333
Wikimedia Commons: Brudavolltunet

Brudavolltunet er eit museum i ØrstaSunnmøre. Museet er eit eldre gardstun som vart kjøpt til museumsføremål i 1958. Tunet ligg ikkje langt frå HøgebruaFv 655, om lag 5 km frå sentrum i Ørsta.

Historia til tunet[endre | endre wikiteksten]

Brudavollen har truleg vore busett sidan 1500-talet. På 1600-talet vart tunet teke av skred (vassfonn) og husa flytt til ny stad på eigedomen. Garden har etter det ein kjenner til vore einbølt. I si tid var han det gardsbruket i Ørsta med størst jordvidde. Slik tunet står i dag syner det ein vanleg heim i fiskarbondesamfunnet på 1800-talet. Etter at Ørsta bygdemuseumslag vart stifta i 1951, kjøpte dette Brudavolltunet i 1958. Det var husa i det gamle tunet og nokre mål jord. Resten av bruket vart overteke av ny eigarar. Brudavollen er gardsnummer 21 i Ørsta kommune.

Brudavollen som museum[endre | endre wikiteksten]

Husa i Brudavolltunet er:

Sentralt i tunet ligg ei stor steinhelle som har vorte brukt som hagebord og arbeidsplass. Hagen i tunet vart truleg tillaga på 1830-talet.

Ørsta bygdemuseumslag var eigar og drivar av Brudavollen til i 2004. Etter det har Stiftinga Brudavolltunet vore eigar. Brudavolltunet er ei avdeling av Stiftinga Viti.

Bilete frå Brudavolltunet[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]