Brurkjole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brudekjole)
Prinsesse Sofia Magdalena av Danmark sin brurkjole frå 1766.
Kronprinsesse Lovisa sin brurkjole frå 1850

Brudekjole, brurekjole eller brurkjole er ein kjole som blir brukt særskild til bryllaup og vigsel av ei brur.

Før 1800 hadde brudekjolen fasong og farge som følgde klesmoten i samtida. Deretter oppstod eit eige sett reglar for utforminga av brurkjolar.

Det er svært vanleg at brurkjolen er kvit, men ein kan òg bruka andre lyse fargar som kremkvit, champagne og bleikrosa. Det er også mogleg å velja heilt andre fargar.

Saman med brudekjolen har ein ofte brurbukett, slør og slep.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spesiallaga brurkjolar har historisk vore noko dei øvste laga i samfunnet brukte. Allmugen gifta seg tradisjonelt i folkedrakt eller i dei beste kleda dei hadde. Lenge blei det også brukt kjolar ein kunne bruka opp att seinare til å gifta seg i. I løpet av 1900-talet blei ein eigen brurkjole, med si eiga utforming og gjerne kvit på farge, stadig meir vanleg.[1] Slike kjolar har spreidd seg til heile verda, men kan tilpassast kulturelle og religiøse normer, eller brukast i lag med tradisjonelle bryllaupsklede.[2]

Farge[endre | endre wikiteksten]

Den kvite eller lyse brurkjolen var frå byrjinga av eit motefenomen som var inspirert av interessa for antikken på slutten av 1700-talet. Eit av dei eldste døma på ein kvit brurkjole er kjolen som blei brukt av Maria de Medici då ho gifta seg i 1600. Under fyrste empire (1795-1799) blei kvite brurkjolar brukte av overklassen i Europa. Den fyrste dokumenterte engelske bruken av kvite bryllaupsklede var Philippa av England i 1406. Då ho som 12-åring gifta seg med Erik av Pommern i Lund den 26. oktober 1406,[3] var ho kledd i ein tunika og ein cape av kvit silke, kanta med skinn av grått ekorn og hermelin.[4]

I takt med det som var moderne, kledde også brurene på byrjinga av 1800-talet seg i kvitt. Den generelle moten blei meir fargerik att frå 1820-talet, men den kvite fargen blei halden på i nokre samfunnslag for brurkjolar. Brurkjole i kvitt slo likevel fyrst for alvor igjennom då dronning Viktoria valde å stå brur i ein kvit hoffkjole i 1840.[5]

Brurkjole frå seint på 1800-talet.

Langt ut på 1800-talet kunne sjølv ei ganske godt bemidla brur bruka ein sterkt farga eller mønstra kjole. Ein slik kjole kunne godt brukast opp att som ballkjole eller anna selskapsantrekk. På andre halvdelen av 1800-talet vart svart den vanlegaste fargen, og sterkare fargar var rekna som upassande. Bruken av kvit kjole blei alminneleg utbreidd i vestleg klesmote fyrst på 1880-talet, og etter fyrste verdskrigen slo det gjennom blant befolkninga elles.

Svarte brurkjolar blei ikkje vanlege i Noreg før ut på 1800-talet, men blei då eit mykje brukt alternativ. Nokre stader heldt skikken med svart kjole seg til eit godt stykke inn på 1900-talet. I Norge var bryllaupet mellom kronprins Olav og kronprinsesse Märtha i 1929 med på å gjera bruken av kvite brurkjolar vanleg.

Kvitt var ein mykje brukt brurkjolefarge fram mot 1970-talet, eit tiår då færre kvinner gifta seg i antrekk med denne fargen. 1980-åra blei igjen prega av kvite brurkjolar. Prinsesse Diana sin kremkvite kjole frå 1981 blei trendsetjande på same måte som andre kongelege bryllaupsantrekk hadde vore tidlegare.[6][1]

Fasong[endre | endre wikiteksten]

Fasongen til brurkjolane har endra seg i takt med motebildet elles. Ved inngangen til 1900-tallt hadde kjolane gjerne pufferme, og skjørtet var glatt over mage og hofter. Framsida av kjolelivet posa ut, og med god hjelp av tilpassa korsett gav dette ein S-forma silhuett.

Mellom 1910 og 1920 var tunikaeffekten populær. Kjolelivet blei forlenga som eit kort overskjørt over langt skjørt. Kjolane på 1920-talet hadde gjerne livlinja nede ved hoftene og skjørt med lengde frå rett over anklane til knekort, eller med ujamn skjørtekant. Til trass for kortare skjørt blei det gjerne brukt slep på desse brurkjolane, festa ved livlinja eller skuldrene. I 1930-åra blei kjolane lange att. Dei følgde linjene til kroppen, og hadde slep som var klippa i eitt med skjørtet, lange erme og breie skuldrer. Dei same stiltrekka fanst på 1940-talet.

1950-talet var prega av New Look, ein feminin mote med mjuke former. Dette innebar lange skjørt, ettersitjande liv, moderat halsringing og lange og tronge erme. Denne stilen heldt stand i Noreg gjennom heile 1960-talet. Typisk for same tiåret var også eit lausaresitjande liv, utskrådde eller ganske rette skjørt, lett innsvinga under brystet, eller med høg livlinje. Erma var tronge eller trompetforma.

Både på 1960- og -70-talet var det skiftande trendar. Desse, dei varierande skjørtelengdene og buksemoten fekk mest tyding for kleda til dei som gifta seg borgarleg. Frå midten av 1970-talet slo ein nostalgisk-romantisk trend igjennom, med brurkjolar med større skjørt, høgare halsringing og vidare erme rynka til mansjett. Utover på 1980-talet viste bruder meir hud, i kjolar med kortare erme og djup utringing, med eller utan stropper. Denne trenden var utbreidd også dei neste tiåra.

Tidleg på 2000-talet var omtrent 75 % av brurkjolane på marknaden i USA ermelause og stroppelause.[7][8] Saman med ermelause kjolar kan ein ofte bruka lange kvite hanskar.[9]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Maude Bass-Krueger (22. juli 2020). «White Wedding Dress: The History Of The Most Popular Bridal Gown» (på engelsk). British Vogue. Henta 21. desember 2022. 
  2. Rohrlich, Marianne (27. september 2017). «The Dress: Honoring Tradition». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 
  3. Panton, Kenneth J. (2011). Historical dictionary of the British monarchy. Lanham, Md.: Scarecrow Press. s. 371. ISBN 0810874970. «When the couple married at Lund, in Sweden, on 26 October 1406, Philippa (sometimes known as Philippa of England) became the first daughter of an English sovereign to wear a white outfit at her wedding.» 
  4. «The History of Matrimony». Arkivert frå originalen 27. oktober 2018. Henta 1. marts 2016. 
  5. How will The Dress measure up to history? - Telegraph
  6. «9 Bridal Fashion Trends We Learned From the Royals», Brides (på engelsk), henta 21. desember 2022 
  7. «As strapless weddings gowns dominate market, one bride just says no». Henta 21. juli 2012. 
  8. Goldstein, Katherine (17. mai 2012). «Say Yes to a Different Dress: Down with the strapless wedding gown». Slate. Henta 29. mai 2012. 
  9. «Opera Gloves - All The Tropes». allthetropes.org. Henta 18. oktober 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brurkjole